onsdag 1. desember 2010

No er det jul igjen, og det er på tide å finne fram julekrybba og kokosmakronane!
Det er vel vanleg å ha julekalender når det er jul, men sidan eg bur på andre sida av jorda, utan min einaste lesar, blir det ingen julekalender.
Joda, det blir julekalender, for eg lagar han (hvis eg hugsar det da, såklart). Eg skal leggje ut eit bilete kvar dag! Det kjem sannsynlegvis til å bli tidenes beste julekalender.
Sidan du (Mamma) er så glad i hundar, vil eg dele mine hundeopplevingar med deg!

1. DESEMBER!

Dagens bilete er av ein litt deformert hund som ligg på bakken, med beina rett ut.

Og forresten vil eg minne om tidsforskjellen mellom Norge og Nicaragua, som er på ca 7 timar, så når eg sit på ettermiddagen og kosar meg med å skrive blogginnlegg i staden for å skrive eksamen, så har de kanskje lagt dykk, og derfor vil eg berre seie at det kan hende kalenderen vil bli litt feil datomessig, men samma det, vel?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar