mandag 6. desember 2010

6. DESEMBER!

Det viser seg at eg har fått strålande tilbakemeldingar på min nye vri på bloggen! Det er spanande å sjå på alle fisketypane som er her til lands! Denne fisken har, som vi ser, tenna (eller heile kroppen igrunn) på tørk!

Sidan det berre er 18 dagar til julaften, får de ein liten bonus i dag!

Å få julestemning i Nicaragua er ikkje så lett, sjølv om dei prøver desperat. Her er ei bygning i sentrum, tappert pynta til jul (noko den har vore sidan oktober, omtrent).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar