mandag 28. februar 2011

Vi har flytta!

Eg har ikkje hatt internett på lenge no, fordi vi har flytta! Vi har flytta til Independencia 1202! Og her er det verken internett, steikespade eller skåler! Men vi bur i det minste berre ein kjapp gåtur unna skulen (til samanlikning med over ein time, som vi brukte der vi budde før!).


Dette rommet var midt i huset vi budde i før. Sjølv om det var eit koseleg rom, brukte vi det aldri til noko.

Vi hadde takterasse! Her kan ein for eksepmel grille.

Ein dag lagde vi denne maten, som var veldig god!


Utsikt frå den nye leiligheita.
Etter kvart kjem det kanskje nokre bilete frå byen!
Eg må berre ta dei først.

mandag 21. februar 2011

No har vi budd i Buenos Aires i nokre veker.
Det er ein veldig stor og spanande by. Eg har igrunn ikkje så mykje å skrive for tida, fordi det einaste vi gjer på er å gå på skule.

Men eg kan da alltids nemne at eg er veldig glad i mat, og likar å lage meg store porsjonar. Det heile gjekk litt over stokk og stein då eg lagde denne suppa, som eg har jobba med å spise i over ein time no. Eg vil jo nødig kaste ho, så eg vil spise alt. Heldigvis er mat billig her.

fredag 11. februar 2011

Turen til Buenos Aires

No har vi avslutta den lange reisa frå Leon til Buenos Aires! Det har teke to månader, og har vore veldig spanande.

Den siste delen var som følger:
Først tok vi buss frå Cusco til La Paz (Bolivia). Denne turen tok om lag 20 timar. I Bolivia var det kaldt, men vi klarte oss bra. Etter to dagar reiste Kristoffer og Annette med flyet vidare til Buenos Aires.
Eg og Vida ville ta buss gjennom Argentina, og det gjorde vi. Som alltid med buss i Latinamerika, er det ikkje like enkelt som ein skulle tru! Ut på tur, alltid sur. Vi kjøpte oss billettar til ein buss som hadde både senger og mat! Og turen skulle vare i 48 timar. Trur du det var sant? Nei.
Det første som skjedde var såklart at vi fekk ein buss utan seng og mat. Sjølv om det var litt opprør på vegen foran bussen, og til og med ein liten slosskamp, kom vi etter om lag 19 timar kom vi fram til grensebyen Villason. Litt skuffa over bussen, men likevel letta over å vere framme, gjekk vi til busskontoret for å leggje igjen bagasjen (vi skulle jo trass alt vente i 7 timar i Villason). Då vi la igjen bagasjen spurde vi om vi måtte ordne migrasjonspapira og sånt sjølve, og dei sa at det var ingen problem, vi kunne slappe av og gjere absolutt ingenting, anna enn å kome tilbake klokka 15 for å ta bussen. Trur du det var sant? Nei. Klokka tre kom vi tilbake. Dei ansatte fortalde oss at bussen var full (til trass for at vi hadde kjøpt billettar fire dagar i forvegen), men at vi kunne ta bussen som gjekk klokka fem! Trur du det var sant? Nei. Vi kom tilbake klokka fem, og det viste seg at den ikkje gjekk lengre, men vi kunne jo alltids få billettar til ein buss som gjekk klokka ti! Jada, den har mat og senger, sa dei. Trur du det var sant? Først måtte vi gå over grensa sjølv (utan hjelp), noko som tok om lag 7 timar. Etterpå måtte vi kome oss til busstasjonen, og ta bussen som gjekk, ikkje klokka ti, men tolv! Vi vart fortalde at bussen skulle komme fram klokka halv seks på kvelden dagen etter. Trur du det var sant? Nei, såklart ikkje. Vi kom fram klokka sju om morgonen dagen etter der igjen! Trøtte og sliten, etter nestan sytti timar på buss, tok vi ein taxi til huset vi no bur i. Sjølv om det er spanande å ta buss i Latinamerika, er det litt deilig å sleppe å gjere det på ei stund.

No har vi forresten begynt på skulen! Det er ikkje lengre palmer og strand, men blokker og subway som er tingen. Nedanfor er det eit bilete av den gamle (Nicaragua), og den nye skulen vår.


fredag 4. februar 2011

Hei lesar(ar)!

No har eg rett og slett vore kjempesein med å oppdatere reisa (ei heil veke! Noko som i jet-set-Norge er veldig mykje), men de vil forstå etter å ha lest innelgget, kvifor det vart slik.

I forrige innlegg pirra eg deg, kjære lesar (Mamma, sjølv om eit par andre også har innrømt at dei har lest bloggen), med å skrive at vi reiste til Aguas Calientes for å fullføre ein livslang draum (som om ikkje Påskeøya var livslang nok!). Det er vel ikkje allmenkunnskap at om ein reiser til Aguas Calientes, betyr det berre ein ting:

Machu Picchu!

Aguas Calientes var ein slitsam by. Den er så langt vekke frå alt, som det er mogleg å plassere ein by. No er jo ikkje dette heilt sant igrunn, men det føltes i alle fall slik.
Sjølv om dei berre har ca. 2000 innbyggjarar, er det kanskje den staden i Latinamerika eg har sagt mest "No gracias". Innpiskarkulturen på restaurantane her er ganske ekstrem.

Eg hoppar litt fram og tilbake i tid, sjølv om det er såre enkelt for meg å setje det heile opp kronologisk riktig:

På togturen til Aguas Calientes hadde vi lasta opp med ungdomsniste.

Togturen var veldig fin, og sjølv om vi tvang ein mann med utståande hjernesvulst til å flytte seg frå vindaugs-setet sitt, koste vi oss (etterpå angra vi såklart, og hjalp han med å filme ting som fauk forbi togvindauget, sånn som denne gamle inkabygninga).

Når vi kom fram hadde vi stått veldig lenge i kø. Her spring Annette, Kristoffer og Vida inn til Machu Picchu, fint ikledd regnponchoar.

Her kjem det eit knippe bilete av kor bratt det var.

Sidan Kristoffer hadde vore der før, visste han at berre dei 400 første fekk lov til å gå opp på Huayna Picchu, ein kjempespiss fjelltopp med utsikt over Machu Picchu. Vi sprang såklart gjennom heile parken for å kome til inngangen til Huayna Picchu. Det viste seg at å stresse ikkje er så viktig. Eg trur vi vart rundt nr. 15 som kom fram.

Stikkordet for denne turen er vel:
Bratt! Her freistar Kristoffer skjebnen på ein liten stein, 600 meter over avgrunnen.

Denne hunden var slettes ikkje redd for høgder, og var med oss opp til Huayna Picchu.

Her klatrar Kristoffer som ei fjellgeit.

Bratte omstendigheiter.

Etter ein time rett opp, kom vi fram til Huayna Picchu!

Bratt bratt bratt.

Ein tur til Machu Picchi set dei "utrulege" sunnmørsalpane litt i perspektiv.
(no er riktignok den einaste sunnmørsalpen eg har vore på Verahornet da, på ca. 500 meter. Men det set i alle fall den i perspektiv!).

For å komme heilt til toppe måtte vi klatre gjennom eit lite hol!

Høgdesjukeproblemet ramma oss ikkje.




Kristoffer sette seg på denne kanten. På biletet under kan du sjå at det ikkje var så trygt.

Det er vel ikkje rart at han fekk tilsnakk frå ei vakt.

På veg ned var det óg bratt.

Vi måtte til og med klatre ned ei veldig bratt stige.


Når vi hadde karra oss ned, såg vi to knekte stigar som låg rundt omkring.

Når vi gjekk til Gran Caverna, gjekk vi gjennom litt jungel.

Her er Gran Caverna (stor hule).





Som alle hugsar frå Påskeøyinnlegget mitt, skreiv eg at bebuarane på Påskeøya hadde hatt kontakt med inkaane i Peru. Her er eit "bevis" på det (det var forresten guiden vår på Påskeøya som sa det, det er ikkje berre noko eg har funne på sjølv). Her kan du sjå muren frå Påskeøya. Grunnen til at den muren er svart og knudrete, er at han er laga av vulkanstein!

Etter at eg tok dette biletet slutta kameraet mitt å virke, så eg tok bilete med Kristoffer sitt kamera, og dei har eg ikkje fått tak enda, men det kjem vel eit oppdateringsinnlegg ein gong.