tirsdag 30. november 2010

No har det jammen skjedd mykje rart folkens!

Familien Thekla kom på besøk, og dei hadde med masse snadder frå Norge. Nokre fekk smake sin første snus på mange månader, og andre gjekk og knaska på eit knekkebrød. Eg var såklart dum nok til å ikkje bestille noko som helst. Men eg hadde vel ikkje klart å velgje kva eg ville hatt uansett. Det var i alle fall kosleg! Og mange vart kjempeglade.

Etterpå reiste alle frå huset vi har budd i. Eg, Vida, Terje, Marit og Sunniva reiste ei lita uke til denne staden (over). Det var herleg å ikkje gjere noko som helst, berre liggje og dasse, som ungdomane seier.

Vi kjøpte mellom anna ei kjempefrukt. Ho var så stor at Vida måtte bære ho med to hender! Velsmakande var han og.

Kven hadde trudd at å bu på ei øde strand skulle by på så mange gastronomiske opplevingar? Det neste vi åt var det som på folkemunne kallast "sånn mais-ting". Dette namnet moglegvis kan ha oppstått fordi vi ikkje veit va det heiter. Godt var det i alle fall.

Som om ikkje det var nok, stelte vi i stand stormiddag! Det vil seie, Terje (som vanleg), stelte i stand, og vi andre hjalp til. Vi spiste "sånn suppe", som det kallast på folkemunne. Det er i alle fall myje curry og lime i den, og alle blei så mette at vi nestan ikkje klarte å gå etterpå.

Dette var den tunge byrda vi måtte slite med å sjå på kvar kveld. Eg er jammen glad eg måtte reise vekk derifrå, inn til den vakre byen (der det faktisk ikkje går an å sjå sola i det heile tatt...) for å skrive eksamen!

Her er eit bilete av dusjen dei hadde der (minnar han deg om noko, onkel Pål?).

Tilbake i byen gjekk vi ein tur, og såg på all den fine julepynten. Her har mellom anna familien Jesus samla seg på eit hustak.

Her er forresten katedralen i León. Det går an å gå på taket av han, men vi kom for seint på kvelden, og fekk kun gå på golvet, men det var interessant det òg.

mandag 29. november 2010

Gratulerer med overstått, Randi!

Eg trur dette er ein utstoppa hjort.

tirsdag 9. november 2010

Advarsel: I dette innlegget vil det forekomme støytande bilete.


I dag har eg altså vore så uheldig å krasje i ei avsaga søppelkasse, men etter ein tur til legen, der eg sydde seks sting, var eg god som ny! I baljen ligg skoen, eg hadde på meg under uhellet, til vask. Takk til alle som hjalp meg gjennom denne hendinga!

No er snopespalten min i ferd med å bli verdas tristaste syn. Her er dei nyaste tinga eg testar ut. Dei smakar ikkje noko, men det er vel kanskje like greit.
Min ven Vida går óg på ein medisin, men som nicaraguanske medisinar flest ser dei ikkje ut til å virke... men om ei uke er vi ferdig med både munnleg og skriftleg eksamen, og livet blir berre bra! Yahoo!

lørdag 6. november 2010

No har vi hatt vår siste time på stranda, og som eit stusseleg farvel, fekk vi ris og banan til lunsj. Men, men, det er vel folk som ikkje har det ein gong.

Her er eit bilete av maten.

Dette er forresten eitt av dei mest populære framkomstmidla i Nicaragua.

Ca. 10 sekund etter kjem framkomstmiddel nr. to susande forbi; moped! Det er veldig vanleg å vere fire personar på desse, der bestemor ofte sit bakerst og kommanderer. Heime høyrer vi om folk som har ungen sin med seg på motorsykkel, og tenkjer at dette er ei katastrofe! Vel, her i Nicaragua har eg sett ein mann som køyrde motorsykkel med eine handa på rattet og andre handa rundt ein baby (som for anledninga kun var iført bleie). Det er forresten vanleg å vere tre personar på ein sykkel.


Eg har forresten fått pensjonistsjukdommen bronkitt (eller noko sånt)! Så denne gangen vil snopspalten handle mest om desse lekkerbisknane de ser ovanfor.

(eigentleg trur eg at eg berre har ei vanleg forkjøling, sidan eg berre hostar litt).

mandag 1. november 2010

Hei kjære lesarar! No er det lenge sida eg har skreve noko! Grunnen er nemleg den at eg har hatt eit svare strev med å teste nokre nye og spanande typar snop!

Det fyste eg testa var Barritas; Fresa. Eg hadde store forhåpningar, og tenkte; nam! Dette blir akkurat som i barndommen, då eg åt slike vingummi-hamburgarar!
Akk, slik gjekk det ikkje. Då eg tok ut den eine barritaen frå pakka såg eg at det slettes ikkje var vingummi, men berre ei slags seig og stusseleg brødskive med veldig ekkelt syltetøy på. Men det positive var at det var det beste brødet eg har smakt sidan eg kom hit!

Det neste eg testa var cappy sitt popcorn med ost! Æsj. Det er noko veldig rart med all ost her i landet. Nokre typar kan få ein til å vere på randen til oppkast, og c(r)appy sin var ikkje noko unntak. Men i forskingas namn åt eg heile posen, og det gjekk igrunn bra.

Her viser Vida fram sin favoritt-type: størkna banan med krydder på. Eg for min del har ikkje blitt heilt hekta enda, men eg skjønar at mange likar det.

Men her kjem litt snadder for alle som likar innsekt og sånt:

Dette er den største møll-aktige greia eg har sett i mitt liv. Den hadde vingespenn som var ca like langt som ein langfinger (i alle fall min langfinger). Den sat heilt i ro og var ikkje så gøy å sjå på igrunn. Eg kunne såklart stukke han med ein pinne, tvunge han til å posere i pinlege positurar eller til å danse, slik dei ofte gjorde med "mindremenn" på 1800-talet, men eg lot det vere.

Det andre, og mest oppsynsvekkjande var denne vesle maur-banden, som frakta ein daud gekko opp ein vegg!

Eg såg forresten (samme dag og tid som dei to ovanståande eksempela) ei kjempehumle som var knall svart! Litt etter var ho forresten drepen av maur ho óg...