mandag 1. november 2010

Hei kjære lesarar! No er det lenge sida eg har skreve noko! Grunnen er nemleg den at eg har hatt eit svare strev med å teste nokre nye og spanande typar snop!

Det fyste eg testa var Barritas; Fresa. Eg hadde store forhåpningar, og tenkte; nam! Dette blir akkurat som i barndommen, då eg åt slike vingummi-hamburgarar!
Akk, slik gjekk det ikkje. Då eg tok ut den eine barritaen frå pakka såg eg at det slettes ikkje var vingummi, men berre ei slags seig og stusseleg brødskive med veldig ekkelt syltetøy på. Men det positive var at det var det beste brødet eg har smakt sidan eg kom hit!

Det neste eg testa var cappy sitt popcorn med ost! Æsj. Det er noko veldig rart med all ost her i landet. Nokre typar kan få ein til å vere på randen til oppkast, og c(r)appy sin var ikkje noko unntak. Men i forskingas namn åt eg heile posen, og det gjekk igrunn bra.

Her viser Vida fram sin favoritt-type: størkna banan med krydder på. Eg for min del har ikkje blitt heilt hekta enda, men eg skjønar at mange likar det.

Men her kjem litt snadder for alle som likar innsekt og sånt:

Dette er den største møll-aktige greia eg har sett i mitt liv. Den hadde vingespenn som var ca like langt som ein langfinger (i alle fall min langfinger). Den sat heilt i ro og var ikkje så gøy å sjå på igrunn. Eg kunne såklart stukke han med ein pinne, tvunge han til å posere i pinlege positurar eller til å danse, slik dei ofte gjorde med "mindremenn" på 1800-talet, men eg lot det vere.

Det andre, og mest oppsynsvekkjande var denne vesle maur-banden, som frakta ein daud gekko opp ein vegg!

Eg såg forresten (samme dag og tid som dei to ovanståande eksempela) ei kjempehumle som var knall svart! Litt etter var ho forresten drepen av maur ho óg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar