fredag 31. desember 2010

Kor mange latinamerikanarar trengs det for å skifte ei lyspære?



Elve! Ein for å skifte, og ti som heng over skuldra di og kommenterer.

tirsdag 28. desember 2010

Etter ein åtte timars busstur kom vi fram til Guayaquil, den største byen i Ecuador.
Sidan det er mykje varmare her enn i Quito, har vi vore ganske slitne her!

Her er forresten ein sjokolade vi fekk i julegave frå hostellet vi budde på i Quito. Spanskkunnskapane mine er kanskje ikkje dei beste i verda, men eg er ganske sikker på at det står at denne sjokoladen smakar toalett og sjokolade... (det gjorde den faktisk òg)

I dag unna vi oss i tillegg ein ekte sushimiddag! Det var ein veldig positiv opplevelse, og eg vart, som Vida spådde, skuffa då det var tomt. Dette skal du lære deg å lage til eg kjem heim, mamma!

No har eg forresten fått nokre bilete frå Vida sitt kamera! Her er eit bilete av desserten vår frå julemiddagen! Vi sparte ikkje på noko, og slo til med å bruke om lag 50kr på å godte oss med pizza og banana-split!

Her er eit bilete av kyllingfoten eg fann i suppa mi. Den hadde til og med gåsehud! Noko som gav meg og gåsehud. Men suppa var god!

Kaffien her til lands er laga av varmt vatn og kaffi-ekstrakt! Det blir ikkje heilt tilfredsstillande, men men.

Her er eit bilete av meg på fjelltoppen over Quito!

Vida la òg merke til dette vakre motivet, av ein kafé, med skyene i bakgrunnen! Vi var faktisk så høgt oppe at vi såg ned på flya som flaug over byen!

søndag 26. desember 2010

I går tok vi taubane opp til toppen av eit fjell! Under er begge oss i det obligatoriske "fin utsikt-biletet".

Heisa gjekk opp til 4100 meter over havet! Etterpå gikk vi litt lengre opp på fjellet, og blei kjempeslitne fordi lufta var så tynn (likar vi å tru, i alle fall).

Det var veldig sterk sol så eg klarte ikkje å halde augene åpne.

I dag reiser vi med buss til Guayaquil! Håper vi får sjå masse av landet på turen.

fredag 24. desember 2010

24. DESEMBER!

No har vi gått rundt og sett på ting i byen!

Over er eit par bilete av katedralen i Quito.

Inni katedralen hadde dei ei gigantisk julekrybbe! Den dekte eit stort område. Her er eit utsnitt av ho.

Finn Vida...

Vi fekk julegave frå hostelet! Ein pose med julegodteri, som forresten ikkje kan måle seg med dei mengdene vi sjølv har kjøpt inn..! Vida vart litt skuffa over å berre vere omtalt som "friend".

torsdag 23. desember 2010

23. DESEMBER!

Denne dagen brukte vi igrunn berre til å gå rundt i byen. Vi såg på handtverk som indianarane laga, og mange gamle bygningar.

Etterpå spiste vi på comedor for tredje gang (frukost, lunsj og middag). Det er ein slags form for gatekjøkken, med veldig billig, men god mat. Her gomlar Vida i seg ei suppe på comedoren. Då eg kom litt ned i suppeskåla mi, viste det seg at det låg ein hønsefot i den, og eg skvatt så mykje at eg mista skeia.

tirsdag 21. desember 2010

21. DESEMBER, IGJEN!

No er vi framme i Quito i Ecuador! Slik ser det ut her. I løpet av nokre dagar skal vi utforske heile byen, og ha det kjekt!

Her er litt meir av byen. Legg merke til den store katedralen i bakgrunnen, som vi skal besøke, ein eller annan dag!
21. DESEMBER!

No er vi på flyplassen i Panama City! Her drikk vi kaffi og surfar på det gratis internettet! Om nokre timar kosar vi oss i varmare strøk (Ecuador!).

Ha ein fin dag!

mandag 20. desember 2010

21. DESEMBER!

I dag har det jammen skjedd mykje! Det heile byrja på fredag, då eg sto heilt aleine i "lobbyen" på hostellet, og studerte eit kart over Panama City. Plutseleg høyrde eg nokon rope "LAAARS??" bak meg. Det viste seg at vi på eit sekund gjekk frå å vere to norske i Panama, til sju. Fem av oss på same hostel! I dag har vi vore fire frå kulturstudier på hostellet, og har fylt dagen med det siste grumset av turistattraksjonar i byen.

Først reiste vi på naturhistorisk museum. Eg har veldig veldig ofte spurt meg sjølv om det finst museum som er stusselegare og dårlegare tilrettelagt enn Auschwitz og naturhistorisk museum i Oslo til saman, og i dag fekk eg svaret; Ja. I kundeboka (eit omfattande registreringsverk som alle kundar må skrive seg inn i), var det ikkje oppført nokon besøk på ei veke. På biletet er deira illustrasjon av ein "kjempelatsabb". Eller dovendyr frå dinosaurtida, om du vil.

Dei hadde også ei veldig merkeleg julekrybbe der. Den var pynta med små plastikkdyr og store utstoppa fuglar, om kvarandre.

Dei hadde òg teke seg bryet med å lage ein utruleg verkelegheitsnær jungel der, noko Vida og Kristoffer sette stor pris på.

Etterpå reiste vi til Mi Pueblito. Ein 1800-tallsby, som kunne minne litt om sunnmøre museum, for den som har vore der.

Dei hadde ei veldig fin julekrybbe der òg.

Etterpå reiste vi til det mest snobbete kjøpesenteret i byen (landet?). Her gjekk vi på kino, og fekk faktisk kome inn i VIP-salen! Den var heilt lik vanlege salar, men vi måtte ta heis for å kome dit. Adrenalinet pumpa høgt med samtlege då vi fylde ryggsekken min med take-away mat frå ein nærliggande restaurant, for å snike han med oss inn på kinoen.

Etterpå kjøpte eg ein kjempekanelsnurr, med ALT. Den var veldig god. Det var faktisk min tredje denne veka.

Her er ein bitteliten del av all julepynten dei brukar her, for å kompensere for mangelen på snø. Slike ting dukka opp allereie i oktober, og har berre blitt verre og verre. Men det er da koseleg, på ein merkeleg måte.

Sidan det var eit snobbekjøpesenter, hadde dei såklart skøytebane der også.

lørdag 18. desember 2010

Sidan min venn Solfrid, shippingstudenten, har lyst å sjå bilete av båtar som ligg og duppar og vil inn i panama-kanalen, legg eg ut dette biletet:

fredag 17. desember 2010

34. DESEMBER!

No er vi som kjend i Panama! Panama City for å vere nøyaktig. Heile denne byen er under konstruksjon, så og seie. Det er eit utall høge blokker her i byen, og mesteparten av dei er berre halvferdige.

Slik ser ei av dei ferdige blokkene ut.

Dei siste dagane har vi vore ultra-turistar, og fått med oss det som måtte vere av ting å sjå på. Vi har forresten også blitt veldig flinke til å ta bussen her, noko som berre kostar 1kr, i motsetnad til taxi, som kostar 40kr, omtrent. Her er ei julekrybbe frå Panama, for den som er interessert i slikt.

Det første vi gjorde var å reise til Panama Viejo (gamle-Panama). På biletet ser vi nokre ruinar frå gamlebyen, med den nye byen vakkert poserande i bakgrunnen. Panama Viejo var den første byen på vestkysten av det amerikanske kontinentet, heilt til piratane tvang bebuarane til å flytte litt lengre vekk, men ikkje så langt igrunn (på andre sida av det som er den moderne byen i dag).

Her står Vida inni eit nonnekloster! No er det riktignok ikkje eit nonnekloster lengre, men ein stor steinklump.


Her skal, om vi kan spansk godt nok, nonnene ha budd.

Her er eit 22 meter høgt klokketårn. Vi gjekk heilt til toppen.

I tårnet vart vi belønna med ein papirkopp med iskaldt vatn.

Eit par dagar etter (i dag) reiste vi ut til nokre øyar heilt i munningen av panama-kanalen. Her leigde vi nokre syklar, og la ut på ei lang og spanande ferd på øyane!

...Berre for å finne ut at eit kvarter med sykling fører oss ca hit, og at mesteparten av øyane er brukt til å overvåke trafikken i kanalen.

Her er forresten åpninga av panama-kanalen.

Men det finst såklart mykje meir spanande ting å sjå på enn gamle elvemunningar og yach-klubbar! Her er mellom anna ei samling forskjellige skilt, observert innan ein kilometer på den same vegstrekninga. Her ser vi ein heilt vanleg mann som går.

Her ser vi ein sjølvsikker person med ei kjempe-sprettrumpe!

Her har vi ein litt nervøs business-person med koffert.

Og sist men ikkje minst! Den spreke joggemannen.

Heilt ut av det blå dukka det opp eit slags akvarium/naturreservat/info-senter om natur.
Her poserer Vida nervøst framfor ein plastikkversjon av kjeven til ein hai som levde i dinosaur-tida, som det ikkje kallast i akademiske samanhengar.

Og som om ikkje det var nok! Her gjer Vida det ho likar aller best, nemlig å kikke på krabbe-kroppsdelar i mikroskop!

Og å ta på sjødyr.


Dei hadde også haiar og skilpadder der! Denne haien var ca. 2 meter lang. Eg gløymde å ta bilete av skilpadda, men de kan ha igjen augene og late som.

Dei hadde også eit vakkert eksemplar av verdas mest ubrukelege fisk! Han låg berre og vart kasta rundt av strømmen frå vannpumpa.

Men det største av alt var når vi hadde gått i ein skog kjempelenge, og til slutt fann eit dovendyr! Det breidde seg stor skuffelse gjennom gruppa (beståande av meg og Vida), då det viste seg at dovendyr lev opp til namnet sitt, og ikkje bevegar seg i det heile tatt.