lørdag 11. desember 2010

12. DESEMBER! eller noko sånt, eg har mista teljinga.

I dag har vi reist frå León, til San José i Costa Rica! Det var ein ti timers busstur, og i morgon skal vi reise vidare til Panama! Her kjem nokre bilete frå León. Over her er eit bilete av ein mann som fekk ein lur idé; han blåste like godt opp bassenget FØR han tok det med heim frå butikken, så slapp han i alle fall å gjere det når han kom fram!

I León har alle husa forskjellige fargar. Her er eit veldig dårleg bilete av ei gate med fargar i. På hjørnet lengst vekke er ei av dei veldig mange kyrkjene i León.


Kyrkj meg her og kyrkj meg der. Her er eit bilete frå katedralen i León. For skarve 10kr kunne vi få gå opp på taket. Billettsalget foregjekk i gravkjellaren.

Då vi kom opp, var det såklart veldig fristande å klinge litt med kyrkjeklokkene.

...men det viste seg å vere forbode.



Her er eit fint bilete av julestemninga i León. Dei har til og med eit juletre!

Ikkje lenge etter hadde juletreet, laga av gamle CDar og plastikktrådar, rast saman.

Her er familien Jesus atter ein gong, i kjend positur.

Men det er julenissen som får stå som ein staseleg galleonsfigur på toppen av bygninga!


Der den mest hanete hanen kanskje ville stå.


Av og til kan det vere fristande å leve opp til storebror Managua, og starte eit omfattande gjengmiljø, men eg syns dette er eit litt slappt tiltak.



Sitat Vida: 'I Noreg har vi dørmatte, men her skriv dei berre rett på bakken'. Og det er igrunn heilt sant.


Hm...

Buffet "Eg vil ha meir"

Den heilage ungen.



Her er León sitt einaste lyskryss.
Her har vi kjøpt mang ein dødsburger, og aldri blitt dårlege i magen. Så vidt eg kan hugse i alle fall.

Dette monumentet skulle originalt ha ein evig flamme i seg. Det viste seg at propankostnadane var meir verdt enn å heidre heltane under revolusjonen, så flammen vart skrudd av.

No er vi mykje på reisefot plutseleg, så vi har kanskje ikkje dagleg internett lengre. Så du (mamma) må vere tolmodig med julekalenderen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar