torsdag 24. mars 2011

Biff!



Her er det ferdige resultatet! Det liknar kanskje ikkje heilt på biletet frå matprat.no, men kva gjer vel det? Det smakte i alle fall veldig godt!

onsdag 23. mars 2011

Las abuelas de Plaza de mayo!

Eg har nyleg tatt turen til Plaza de Mayo for å observere eit argentinsk fenomen:
Som eg såvidt var inne på i ESMA-innlegget mitt, var det mange som vart kidnappa i Argentina på 70 og 80-tallet. Fleire av desse var gravide, og om lag 35 born vart fødde og adopterte vekk kun på ESMA, som var ein av fangeleirane (og abuelasane, "bestemødrene", har funne igjen 12 av desse borna). Dei byrja å protestere foran "Casa Rosada", som er regjeringsbygninga i Buenos Aires. Etter at det vart ulovleg å samlast der og berre sitje stille (?), byrja dei å gå rundt og rundt statua til høgre i biletet. Dei gjer det den dag i dag, kvar torsdag (som vist på biletet).

Her er litt av casa rosada, og balkongen der mang ein president har talt til folket!

Her er den andre sida av Plaza de Mayo.

Men bortsett frå død og forsvinningar har vi laga mykje mat! Vi fekk besøk av Vida sin ven Leandro atter ein gong, og han lærte oss å lage tomatsaus. Her er eit bilete av maten, og spaghettien som måtte testast om han var klar til spising.


Og til alle som er misunnelege på oss som har det varmt og godt, kan eg berre seie at denne ein gong solfylte og varme gata har blitt forvandla til den våte og kalde gata på biletet (over).

Sidan denne bloggen tydelegvis handlar meir om mat enn kultur og politikk, tek eg med dette biletet av alle tinga ein (ifølge oppskrifta) treng for å lage sursøt saus. Håpar det blir godt!

onsdag 16. mars 2011

Pannekaker!

Her om dagen hadde vi besøk av Vida sin ven Leandro.
Vi lagde pannekaker, og det var koseleg!
Vi måtte jo såklart gjere det alle har drømt om; å snu pannekakene i lufta! Det skjedde med mange forskjellige utfall, illustrert i videoen under.




Det går vel ikkje alltid som det skal.

Det blei litt mange pannekaker til slutt, men etter eit par dagar var dei spist opp.
Ball!

Medan enkelte er ute på byen og gjer ungdomsting, har eg haldt meg inne, og gjort pensjonistting.
Eg tenkte at i dag var dagen for å endeleg spise ball, for første gong på over eit halvt år.
Eg følgde oppskrifta etter punkt og prikke, men sidan dei ikkje (overraskande nok) ikkje har hverken flesk eller duppe (eg veit igrunn ikkje kva duppe er, og treng det sikkert heller ikkje) her, vart eg litt bekymra. Men til tross for dette vart det faktisk kjempegodt! Det smakte nestan som vanleg potetball!


Eg vil rette ei takk til kvinneguiden.no som kom med fine potetkokingstips (som eg ikkje følgde, noko som resulterte i at potetene kanskje kunne ha vore betre)!
Vi har ikkje potetskrellar, forresten.


Etter kjempemange forsøk (som resulterte i eit par snurte park-innlegg forrige helg) klarte eg til slutt å finne den japanske hagen! Det var ein liten park med mykje vatn og gras og tre, som parkar flest. Dei hadde ein haug med fiskar óg. Dei var om lag ein meter lange, og sikkert spanande å sjå på, for dei som likar fiskar. Dei hadde også nokre levande japan-relaterte fuglar som koste seg i vannkanten.

Etter 10 minutt i hagen gjekk eg tom for batteri på kameraet, og desse to bileta er dei einaste eg fekk tatt. Men om ein vil sjå litt meir, så er det eit knippe bilete på heimesida til hagen. Eg må nemne at det er litt meir givande å reise dit om ein er veldig interessert i plantar. Eg såg hverken hestehov, slyngpelargonia eller kanadisk steppe-einer (trur eg i alle fall! Eg veit jo ikkje korleis dei ser ut), men eg såg i alle fall ein amaryllis (er ikkje det favorittblomsten din, Mamma?).




Då vi såg gatemusikarane eg la ut bilete av for eit par dagar sidan, var Vida snartenkt, og fekk filma litt av det dei spelte. Og sidan Kristine ville sjå det, legg eg det ut her! Det var god stemning der, og folk dansa og var glade. Ei dame likte veldig godt å finne opp sin eigen melodi, som ho gnålte surt ut midt i publikum. "Det må da vere lov å synge med og kose seg!" tenkjer du kanskje no, men eg vil gjerne leggje til at ho høyrtes ut som ein kjederøykjande katt på dødsleiet.
Ha ein fin kveld!

mandag 14. mars 2011


Dette biletet er dedikert til min ven Kristine! Du er jo den einaste eg kjenner som spelar saxofon (det er vel eigentleg ikkje sant) og du må derfor vere interessert i alt som har med saxofon å gjere!

fredag 11. mars 2011

Når ungane er på tur...


...Er det lov å ha sjokolade på pannekakene! Eg prøvde også med eple og med banan. Kvelden endte med at eg var litt kvalm, men det gjer da ikkje noko!

torsdag 10. mars 2011

Pakke!

I dag har eg fått pakke frå min kjære familie! Gjett om eg er glad! Eg har ikkje ete lakris på minst eit halvt år! Ikkje noko anna spesielt godt godteri heller, igrunn (sjå innlegg frå august 2010 for grundig gjennomgang av nicaraguansk snop). Til og med ball har eg fått!
I tillegg ville eg berre leggje ut dette biletet, som eg gløymde den dagen eg skreiv om markedet. Det er ein mann som deler ut gratis klemmar. Overraskande mange klemte han, og det var jo koseleg!

mandag 7. mars 2011

Enda meir friehelg!

Ikkje ei ny frihelg da, såklart, men fortsettelse av den vi har begynt på.

Først reiste vi på festival, og som ein kan sjå på billetten var Shakira headlineren, men til mitt forsvar spilte også Ziggy Marley der (så no har eg vore på konsert med han to gonger på ei veke! Og kunne godt gjort det enda fleire gonger)!


Kvar søndag er det marked i ei gate like ved der vi bur. Då kjem alle raringane ut av skallet sitt og gjer ting som, f. eks denne mannen, som kler seg ut som si eiga dukke og har eit lite skodespel.

Denne mannen sin evne til å stå heilt stille er såklart umogleg å fange på kamera, men det såg igrunn ut som det gjer når ein ser på dette biletet lenge. Han var også flink til å ha ansiktsuttrykk som ein litt ekkel betrevitar, spør du meg.

Flaks for denne trubaduren at han har fotobevis på at han ein gong var ung og kjekk (og har hengt dei opp rundt seg).

Denne mannen fant sitt levebrød i ei pakke ståltråd.

På dette ganske store markedet like ved der vi bur har eg kjøpt mang ei LP-plate.

Etter markedet reiste eg litt rundt i byen. Eg fann mellom anna ut at det er mykje tøffare å vere frå Italia enn Noreg! Berre sjå på monumentet på Plaza Italia (over) og Plaza Noruega (under).



Etterpå reiste eg til botanisk hage. Noko av det mest spanande der var denne grønne dammen på størrelse med ein pizza...

Faktisk, så har samtlige gartneri eg har besøkt (ca. eitt), vore meir spanande enn dette. Skuffa reiste eg heim og sov.

Dagen etter reiste eg tilbake til det same strøket! Eg gjekk og gjekk, og plutseleg var eg inne i ein kjempepark, omgitt av statuer!

Dette monumentet veit eg ingenting om.

Eg gjekk og gjekk. Omgitt av klinande par og familiar på piknik, følte eg meg litt som Ringo i A Hard Day's Night, der han tuslar vennelaus rundt utan mål og meining.

Min familie er på andre sida av jorda. Kanskje spis dei potetball akkurat no. Det er første gong eg har fått heimlengsel på turen, men om 58 dagar eller noko sånt, skal eg og få spise potetball! Og då skal eg såklart spise på romsdalsmetoden, der ein ikkje er ferdig før ein sit på den første ein spiste (det er i alle fall det eg har høyrd at dei gjer, men eg veit ikkje om det er heilt sant)!

Eg kikka litt på nokre ungdommar som gjorde halsbrekkande stunts (som det sikkert ikkje heiter på nynorsk, men kva veit vel eg) på skateboard.

Eg såg ei jente som hadde på seg Black Sabbath-tskjorte, og heimlengselen slapp taket igjen!

Etter å ha blitt glad igjen hoppa eg lystig og plystrande vidare. På min veg såg eg denne mannen, som brukte motorsykkelen sin som sukkerspinnmaskin! "Det går da ikkje an!" seier sukkerspinnekspertane i Norge. Men joda, i latinamerika går alt an.

"Historisk stad" står det på dette skiltet. Eg vart såklart glad; "juhuu!" tenkte eg, "Dette blir spanande!". Men det var falsk alarm. Det historiske med denne staden var nemleg berre at Buenos Aires cricketklubb si første cricketbane vart laga her i 1864.

Etterpå gjekk eg i zoologisk hage.

Etter at eg vart stor har eg skjønt at Zoologisk hage igrunn er ganske stusseleg.

Denne padda var så rar at eg faktisk heilt ubevisst ropte "haha! Sjå!" til ein gammal mann som stod ved sidan av meg.

Dette er den feitaste klatten eg har sett i mitt liv.

Eg har aldri skjønt poenget med å ha heilt vanlege husdyr i dyrehagar. Det er jo ikkje spanande for fem flate øre.

Men når sant skal seiast var ho ganske populær!

Eg har enno ein fridag før skulen byrjar på igjen, men eg anar ikkje kva eg skal bruke han til. Eg trur ikkje eg gidd å gjere eit tredje forsøk på å finne den japanske hagen, i alle fall.

fredag 4. mars 2011

Frihelg!

No har vi fire dagar med fri. Nokre reiser på helgetur til Uruguay, men så lei som eg er av reising akkurat no, vil eg heller ta ein nærare kikk på Buenos Aires!

I dag reiste skulen til ESMA, som på sett og vis kan seiast å vere Buenos Aires sitt svar på Auschwitz, men med hendingar mykje nærare i tid (1979-1983). Det viser seg at Argentina si historie nestan (eller faktisk?) er meir komplisert enn Nicaragua si, då dei mellom anna er det einaste landet eg har høyrd om som har hatt seks presidentar på ei veke. Dei har i tillegg så seint som i 2001 hatt kjempeproblem i landet, då økonomien gikk bananas og alle (rik som fattig) mista det dei hadde i banken. Det er eit under at dette landet fortsatt er så "vanleg" som det er.

"Ein kvar blogg med respekt for seg sjølv bør jo stille opp med bilete av det ein skriv om!" tenkjer du vel no. Men slikt fjas var ikkje lov å drive med inne på ESMA. Det som i hovudsak skjedde her, var at det i perioden 1979-1983 "forsvann" om lag 5 millionar Argentinarar, og ESMA var ein av utryddingsstasjonane.

Her har dei hengt opp bilete av mange av dei som var ansvarlege for forsvinningane. Fleire av desse er i retten for sine handlingar i skrivande stund (kanskje ikkje bokstaveleg talt, sidan klokka er ti på kvelden!). Besøket var veldig spesielt, sidan det er så kort tid sidan det heile skjedde, og ein veldig stor del av dei vaksne i byen kjente eller visste om folk som forsvann.



Etterpå reiste eg og Vida til Barrio Chino, eller Chinatown, som det heiter på internasjonalsk. Her kjøpte vi mykje juggel og drit, samt ei ekstrem mengd sushi (på bildet)!


Appropos mat; her ein dag lagde vi gulasj.

torsdag 3. mars 2011

No bloggar eg live frå frokostbordet!

Ganske straks skal vi gå på skulen (som forresten berre er ein 20 minutts gåtur unna, i motsetning til før vi flytta, då vi måtte reise i over ein time!).

Her er litt av min daglege frukost. Eg kallar det pannekakekake. Det er mange pannekaker lagt oppå kvarandre, med deilige ting smurt på kvar.
I latinamerika finst det eit pålegg som heiter "Dulce de leche". Det smakar akkurat som hapå! Den einaste forskjellen er vel at det ikkje er laga på Hamar.

For to dagar sidan var eg forresten på konsert med Ziggy Marley (eg prøvde å snu biletet mange gonger, men det gjekk ikkje, så det er enklare om du snur pcen litt). Eg hadde jo sett sonen til Bob Marley på konsert før, tenkte eg! Han spelte jo på Roskilde i fjor? Men eg hadde gløymd ein viktig detalj! Bobbern hadde jo ti ungar! Det var Julian Marley eg såg i fjor!

No stikk eg og pussar tennene.