lørdag 30. april 2011

 Jesusparken!

Som ein del av prosjektet med å gjere alle turisttinga vi ikkje har hatt tid til, reiste vi til Tierra Santa, eller Jesusparken, som vi kallar han.
Eg har fortsatt ikkje heilt skjønt kva som er formålet med parken, men det er i alle fall ein fornøyelsespark der dei har gjenskapt diverse viktige hendingar i Jesu liv! Alt er putta inn i ein liten by med midtøstentema.

 Det skorta ikkje på lyssetting i temaparken.



Her poserer Vida foran eit fjell med ei statue av Jesus på korset.

Når ein kan gjere vatn om til vin, er det ikkje alltid så lett å styre seg!




Palme, eller lysrigg?

 Romersk bygning i Jesusparken. Om ein ser nøye etter, på høgre side, kan ein sjå sjølvaste Jesus lenka fast i ei søyle.

Møtestad.

Her er eg, som autentisk oldtidskvinne!


Tone fra Telemark, og Vida frå Volda var autentiske romervakter.

Dei hadde fire forskjellige show i parken; Skapelsen, nattverden, fødselen og oppstandelsen.
Det er vel inga tvil om at oppstandelsen var det mest spanande!

Oppstandelsen gjekk ut på at ein kjempestor Jesus sakte men sikkert steig opp frå eit isoporfjell, i fint følgje med Hallelujakoret, av George Frideric Handel. Det var også ein stor favoritt blant alle pensjonistane (som eg trur er det vanlige klientellet i dene parken), som ropte oppspilt når dei skulle få sjå oppstandelsen!

 Etter eit par minutt hadde statua komt seg heilt opp, og imponerte med mekaniske effektar som blunkande auge og nikkande hovud! Videokameraet var tomt for batteri, men om ein er veldig nysgjerrig, finst det eit klipp av dette på youtube.


Vi såg også på skapelsen, som var veldig merkeleg.
Litt og litt kom det elefantar, løver og gorillaar glidande inn på skinner, og bevega ein kroppsdel på bråkande vis opp og ned.
Det er tydeleg at alle forestillingane dei hadde i parken baserte seg veldig på statuer med mekaniske effektar. Når eg tenkjer meg om, var faktisk det einaste som skjedde i nattverden, oppstandelsen OG skapelsen at statuer av religiøse skikkelsar kom stigande opp frå skjulestaden sin, for så å bevege litt på seg, akkompagnert av vakker musikk.
 
Om eg vil anbefale å reise til denne parken? Ja faktisk.

fredag 29. april 2011

1. mai (29. april)!

I dag er det altså arbeidaranes dag i Buenos Aires. Den er vanlegvis på 1. mai, men sidan det er ein søndag, har dei det i dag.

Vi brått av at dette toget vandra like under verandaen vår.

Arbeidarane hadde med seg ei ganske stor mengd papirlappar.

Og heliumsballongar!





No er vi forresten ferdige med skriftleg og muntleg eksamen, og prøvar å skvise inn det vi kan av turistattraksjonar før vi reiser heim på mandag!

lørdag 16. april 2011

Recoleta!

I Buenos Aires bur det fleire millionar menneske, og fleire tusen daude!

Recoleta er ein gravplass litt utanom det vanlege (i alle fall etter norske standardar!).
Det er staden for dei rike og kule. Det du ser i midten i biletet over, er ikkje kyrkja i recoleta, men ei av dei mange tusen familiegravene der.


Enkelte satsar på ein litt primitiv stil.


...Medan andre vil ha det storslått.


Medan enkelte har veldig god plass,


...krøkar andre seg saman i små skrin,


...eller andre alternative løysingar.


Om lag halvparten av gravene er veldig dårleg vedlikehaldt, og då seier det seg vel sjølv at å halde lika på plass kan vere vanskeleg. Ein stad såg eg knoklar ligge slengd rundt, og ein stad såg eg til og med lange kvinnehår dingle ut av ei mosekledd kiste (grøss og gru!).


Banksjefen i Buenos Aires valde å ha eit minibank-design på grava si.


Det bur mange kattar og hundar i Recoleta.
Ein kan jo spekulere i kvar dei får føden sin frå.

Liket til Eva Peron hadde ei lang og merkeleg reise før det endte opp på Recoleta.
Etter å bli etterlatt av sin ektemann under statskuppet, vart ho frakta både hit og dit. Det vart også ein liten europatur på ho, som enda i ei grav i Italia under falsk namn.
Etter fleire år i Italia, vart ho til slutt funnen, og sendt tilbake til Argentina. No ligg ho, for sikkerheits skuld, i ei krypt under krypta! Det vil seie to etasjar under denne døra.

Om ein ser vekk ifrå den ufrivillige likdelkikkinga var eg veldig fornøgd med besøket. Det er jo trass alt ikkje kvar dag ein kan menge seg med like mange daude som det bur levande i Vestnes kommune!

mandag 11. april 2011

Bursdag!

I helga har eg hatt bursdag, og i den anledning slo vi til med ein ordentlig biffmiddag!

Sidan eit par av lesarane mine er "godt vaksne" legg eg ut eit nærbilete av maten! Det var kort sagt ein kjempebiff (med tilbehør på eit anna fat).

Når vi betalte fekk vi gratis sjampanje!
Både eg og dei 11 gjestane koste oss!

Dagen etterpå var det bursdagsfest heime hos Tone, Thekla og Kristine! Eg fekk kake med 21 lys, og klarte å blåse ut alle på første forsøk. No når eg tenkjer meg om, hugsar eg at eg gløymde å ynskje meg noko når eg blåste dei ut! Er det for seint?

Kva er vel eit bursdagsselskap utan fiskeleik?
Det var med andre ord ei vellykka helg og feiring!

onsdag 6. april 2011

Konsert!

I det siste har eg vore på eit par konsertar! Igrunn for eit par veker sidan, men eg har ikkje skreve blogg om det før no.
Først var vi på Datarock! Det var litt merkeleg at eit norsk band skulle spele i Argentina, så vi måtte jo reise, sjølv om eg igrunn ikkje likar dei så godt. Det var faktisk til og med reklame for konserten på TV! Konserten var veldig artig, og bandet var heilt elleville. Når konserten var slutt sneik eg meg fram til scena og stjal ei trommestikke.


Eit par dagar etterpå var eg på konsert med min store helt Ozzy Osbourne!
Først spelte eit band som heitte O'connor. Eg syns det er litt teit å vere 50 år gammal, bruke kjempestram bukse, cowboystøvlar og plusj-cowboyhatt (noko faktisk vokalisten i dette bandet gjorde, og samtidig mista ein potensiell fan), men det er vel ein smakssak? Etterpå spelte Sepultura. Det er ordentlig sintemannsmusikk, og har vel ikkje så mykje med Ozzy Osbourne å gjere. 80% av publikum sette i gong med å sloss, noko som er heilt normalt på sintemannsmusikk-konsertar. Dei sparka og slo som om dei var gamle damer som vart rana. Mellom kvar sang vart eg vitne til at desse utallige barske slostande mennene i bar overkropp samla seg saman og klemte kvarandre, før neste song byrja igjen, og slostinga sette igong på ny.
Men til slutt, etter ein lang kveld med venting og lytting til kjedeleg musikk, kom Ozzy Osbourne på scena! Eg vart sugd fram til scena av folkemengden, noko som var heilt greitt for meg. Ozzy skaut på publikum med ei kjempestor skumkanon, noko som førte til at det vart så glatt at heile publikum plutseleg låg i ein stor menneskeklump på bakken. Til trass for at han ikkje viste rumpa denne gongen, var det ein veldig bra konsert!

søndag 3. april 2011

Oppdatering!

No har eg ikkje blogga på over ei veke! Og for enkelte bloggtørste kan jo dette vere ein prøvelse. Men det er vel igrunn berre Mamma som er så bloggtørst! No kjem det i alle fall litt oppdatering om kva som har skjedd i det siste:

Vi har laga gelé (visste du forresten at han som fann opp butterdeig heitte Claudius Gele?)

Eg har sett meg litt rundt i byen!


Balkong, altan, terrasse? Eg veit ikkje kva det heiter, men dette huset hadde mange av dei!


Ein dag på skulen fekk eg balldeig av ei som heiter Kristine! Eg vart såklart kjempeglad, og sprang lukkeleg heim og skrudde på kjelen!

Etterpå reiste eg, Thekla og Kristine på helgatur til Urugay! Sidan vi må fornye visumet, var det jo like greit å ta hurtigbåten over grensa! Turen var for min del prega av kulde, trøttheit og forkjøling.

Eg var faktisk så trøtt at eg la meg på rommet og sov litt, medan Thekla og Kristine spelte kort. Det føltes litt som om eg var med i ein norsk ryggmargsbrokk-roman frå 1800-talet.

Dagen etterpå hadde vi fått sove godt ut. Vi tenkte å gå litt på sightseeing i byen (vi var i Colonia). Av og til stoppar det turistbussar på Sjøholt, og gode og runde tyskarar veltar ut for å ta bilete, og da tenkjer eg ofte "kvifor stoppar dei HER?". I Uruguay følte eg det litt på same måten. Men det skorta ikkje på kreativ kunst i alle fall (biletet over).

Det regna veldig mykje, og sightseeinga gjekk mest ut på å sitte på kafé og vente på at det skulle slutte.

Colonia si største sjåverdigheit.

Det er forresten haust i Søramerika no.

Colonia si nest største sjåverdigheit.
Er det lov å seie at Colonia var litt kjedeleg?


For å kome inn i båten heim igjen måtte vi stå i denne køa.

Det var med andre ord ein kjempeflott tur!