fredag 28. januar 2011

Ut på tur, aldri sur!

No har vi reist frå Lima. Vi tok buss til Cusco, og turen tok om lag 23 timar. Det tek lang tid å reise i latinamerika, men så er jo landa her ganske store da.

No er vi saman med Annette og Kristoffer igjen. Dei venta på oss nokre dagar i Cusco, etter påskeøyfadesen. Her sit vi på tog til Aguas Calientes for å fullføre ein livslang draum!

Aguas Calientes er ein veldig bratt by. Gatene går rett opp og ned, og det same gjer fjella rundt.

mandag 24. januar 2011

PÅSKEØYA!

(Alle bileta har stor oppløysning, så det er berre å trykkje på dei for å sjå detaljar)

Påskeøya er absolutt ikkje eit must på ein Latinamerikatur, det er nemlig veldig isolert, og flybillettar er dyre (om ein ikkje har flaks, slik vi hadde). Som ei av dei mest avsidesliggjande bebudde øyane i verda, ligg ho nestan like langt frå land, som det er frå Sjøholt til Pakistan!

Heile påskeøyturen byrja med at vi ikkje rakk flyet.
Vi fekk heldigvis nye billettar heilt gratis!

Planen var å være på Påskeøya saman med Annette og Kristoffer.
Sidan dei rakk flyet, og derfor måtte ta fly heim same dag som vi kom, fekk vi berre om lag 6 timar saman. Her prøvar dei å sette opp kameraa sine på sjølvutløysar, for å ta bilete av alle fire.

Med Kristoffer og Annette vel vekke frå øya, fekk vi tid til å utforske litt! Det viser seg at øya er omringa av fin og dramatisk klippekyst. Sidan øya er vulkansk, liknar naturen litt på Island (minus snø og kulde).

Det bur om lag 5600 personar på Rapa Nui (som påskeøya heiter på, ehm, rapa nui (som språket heiter)). Ovanfor kan ein sjå eit bilete av hovudgata.
Folket på Rapa Nui er det koselegaste vi har støytt borti hittil på turen vår. Alle var blide, og det såg ut som alle kom godt over ens med kvarandre. Dei heva heller ikkje eit augebryn når dei lukta turistmanns blod, noko som var litt deilig.

Dei er veldig glade i å vere i vatnet! Her leikar ungane i taua på hamna, og (på biletet) under surfar dei store gutane ute i sjøen.


Vi budde på eit fint (og heilt nytt) hostel nestan midt i sentrum (på biletet er nabobygninga, som var mykje finare enn hostellet (der foreldra til hostelleigaren budde)). Det viste seg at hostelleigaren, ei ung Rapa Nui-dame, kunne omtrent flytande svensk, og hadde budd i Sverige i 9 år! Påskeøya er veldig dyrt, så vi forberedte oss godt med å kjøpe inn spaghetti for heile opphaldet medan vi var i Lima. Planen fungerte veldig bra, sjølv om vi måtte punge litt ut for omvisningar på øya. Men men, ein er vel berre på Påskeøya éin gong?

På dag nr. to leige vi oss syklar. Litt lite forberedt, sykla vi rundt på øya i seks timar.

Her er Vida med sykkelen sin. Ho tek bilete av noko spanande.

Her er eg med min sykkel!

Og her utfører eg eit utruleg vanskeleg triks.

Her står Vida og viser fram ein steinting, bygd av dei innfødte i god tid før Påskeøya vart oppdaga av Nederlendaren Jacob Roggeveen (på palmesøndag) 1722.

Etter steintingen sykla vi vidare til Ana Kakenga. Her var det eit bratt stup ned i havet, og eit veldig fint berg med bølgjer rundt.

Etterpå oppdaga vi dette holet i bakken, som var brukt av dei innfødte som for å søke ly i krigstider (det budde to stammar på Påskeøya i gamle dagar; Langørene, og "slavane deira", kortørene. Kortørene gjorde opprør mot langørene på eit tidspunkt, og vann til slutt herredøme over øya).

Det var både trangt og skummelt i grotta, men vi trøsta oss med at om Thor Heyerdahl hadde klart å gå i denne hula (som vi antok at han hadde gjort), kunne vi óg klare det.

Motet vi fekk viste seg å bære vakre frukter! Vi fekk sjå denne fine utsikta frå eit hol midt i klippeveggen.



Det var ikkje før etterpå at vi såg dette skiltet.


Etterpå sykla vi vidare, til Ana Te Pora. Denne hula var brukt i seremonielle samanhengar.

Neste stopp var Ana Te Pahu (banangrotta). Her veks det bananar! Sidan det er fuktig her har hula blitt brukt til vatnrelaterte ting. Dette er forresten det største hulekomplekset på øya, og strekkjer seg om lag 2 km under jorda. Vi gjekk ikkje lengre inn enn eit par hundre meter.

Etterpå sykla vi (dehydrerte) til Ahu Akivi. Det er dei einaste Moaiane (steinfigurane som Påskeøya er berømd for) som ser ut mot havet (i motsetnad til resten, som ser inn mot land). Her ser vi 8 eldgamle ting på ein og same stad.
Moaiane representerer daude personar (av høg rang), som er begravde under sin respektive moai.

Då vi kom heim var vi skitne og slitne.


Men dagen var langt ifrå over! Hostelleigaren vår "insisterte" på at vi skulle sjå på eit lokalt danseshow. Sjølv om vi brukte mesteparten av tida på å vere redde for å bli trekt opp på scena, hadde vi det veldig gøy.

Dag 3:


På den tredje dagen tok vi ein guida tur (med faren til hostelleigaren). Først reiste vi til Vinapú. Ahu er forresten eit "alter" (grunnmuren som moaiane står på). I Vinapú var det to store ahuar. Alle moaiane var velta (noko kortørene stod for, då dei vann over langørene). Dei fleste moaiane på øya er velta, og dei som er oppreiste er som regel restaurerte. (Hovuda som ein ser på bileta over er frå velta og knekte moaiar).

Her er dei velta moaiane på den eine ahuen.

Det blir anteke at øybuarane hadde kontakt med inkaane i latinamerika. Her ser vi eit eksempel. Murane på den eine ahuen var hårfint tilpassa, og det var ikkje ei glipe å sjå (i likheit med murane i inkaimperiet).

Her er eit bilete av ein mur som ikkje er like inspirert av inkaane kan ein seie (det bør vel nemnast at den inkamuren vi ser ovanfor er den einaste av sitt slag på Påskeøya).

Her er ei av dei einaste statuene av kvinner på Påskeøya. Hovudet er sannsynlegvis stole av skattejegarar på 1800-talet.

Dei første oppdagarane brukte dette håret (no tenkjer du nok "Kva? Hår? Det der er då ein stein! Og da har du heilt rett. Det er "håret" som er på toppen av moaiane, og som i dei fleste tilfelle ligg på bakken ein eller annan stad i nerleiken av dei) som vanntrau for hestane sine.

Etterpå reiste vi til Ahu Akahanga, enda ein stad med mange ahuar og moaiar. Over ser de ein moai som igrunn skulle takast med til Japan, men dei droppa det, og la han igjen på bakken.

Velta moaiar.

Her er eit petroglyf i håret til ein moai. Det forestiller ein fugl med to hovud. Mange av desse motiva er saga rett av steinane, og befinn seg sannsynlegvis i private samlingar verda rundt.

Guiden vår sa at desse grottene (originalt brukt av øybuarane som bustad) ofte blir brukt av lokale for å fare på campingtur med familiane sine. Han sa at det skjedde iblant når han hadde omvisning, at dei støytte på familiar som sov (eg antek at dei av og til var våkne óg, sjølv om han ikkje sa noko om det).

Det bur ikkje så alt for mange dyr på øya, men mange kyr og villhestar der.

Her er bilen vi reiste med.

Etterkvart kom vi til den største godbiten på øya: Rano Raraku.
Dette er steinbrotet der alle moaiane på øya vart hogde ut (utanom ein eller to).
I fjellet kan ein sjå mange moaiar som ikkje er ferdige. Moaiane har gradvis blitt begravd av jord, og ser ut som dei står tolmodig og ventar på å få ein ahu å stå på.

Her er meg foran ein Moai. Thor Heyerdahl grov opp enkelte av desse moaiane, og beviste at minst halvparten av dei er begravde under jorda (noko som gjer at dei er veldig store!). Moaien bak meg var om lag 4 meter høg (altså, i verkelegheita om lag 8 meter!).

Over ser vi den einaste moaien med føter! Det spekulerast i om det kanskje kan vere ein kortøre, som har gjort seg fortent til å bli skulptert!

Her er eit bilete frå inni vulkanen Rano Raraku (steinbrotet). Her bur det villhestar, som drikk av vatnet i vulkanen. Her er enda eit bevis på kontakta med inkaane, då sivet i vatnet originalt kjem frå Peru!

Dette dedikerer Vida til sin ven Ida!

I det fjerne kunne vi sjå Ahu Tongariki frå vulkanen.

Men du må ikkje tru vi var nøgde med å sjå det på avstand!

På Ahu Tongariki står det 15 moaiar på rekkje og rad.

Vi tok turen saman med nokre folkelege tyskarar, og måtte derfor posere som dei 16.-19. moaiane. Det var igrunn gøy.

På denne staden var det også hogd inn nokre bilete i steinane (petroglyf). Her er eit andlet.

Tunfisk (som visstnok er nestan umogleg å få tak i på øya i nyare tid).

Og ei skilpadde.
Det var og hogd inn mange prikkar i bakken. Kvar prikk representerer eit barn som har blitt ofra foran ahuen. Dei vart ofra ved at innvollane til barnet vart kokte og gitt til moaiane.

Etterpå reiste vi til Ahu Te Pito Kura, verdas navle (som er den steinen Vida held hendene sine på på biletet). Steinen er visstnok ein meteoritt som landa på øya, og har magnetiske krefter (det er sant, og har blitt bevist med kompass som går bananas i nærleiken av steinen!).

Etterpå reiste vi til vårt siste stopp, Anakena for å bade.

Her var mellom anna ein moai som Thor Heyerdahl sjølv (saman med hjelparar såklart) restaurerte og sette opp.

Etter ni timar med solbrenthet og bilkjøring var det deilig å hive seg uti dette vatnet.

Den siste dagen brukte vi berre til å bade og slappe av, sidan det var vår siste strandoppleving før Buenos Aires (der det heller ikkje finst strender).

Dagen etter tok vi fly heim, og overnatta ei natt i Lima, før vi tok ein 23timers busstur til Cuzco, der det er iskaldt (15 grader, eller noko sånt!). Vi har på oss mykje klede.