mandag 24. januar 2011

LIMA!

No har vi vore i Lima i nokre dagar. Det er ein veldig fin by, og bydelen vi budde i (Barranco) er veldig gammaldags og koseleg. Byen ligg forresten på eit stup ut mot stillehavet.

Vi hadde høyrt at kjøpesenteret Larcomar skulle vere spanande, så vi prøvde å finne det.
Vi spurte bussinnpiskaren om bussen gjekk til Larcomar, og det gjorde han. Etter ei lita stund fekk vi beskjed om å gå av på denne plassen her. På eine sida var det eit kjempehotell som heitte Marriott, og på andre sida var det tilsynelatande berre hav...

...Heilt til vi gjekk ut på kanten av stupet, og såg dette kjøpesenteret, som var bygd inn i fjellet!

Her er utsikta ned frå kjøpesenteret. Det var litt skummelt for enkelte i reisefølgjet, men det gjekk bra!

På kvelden gjekk vi ein tur rundt i byen. Vi fann mellom anna denne merkelege telefonen!
Det som står på spansk i den forstørra ringen betyr: "valg av språk", som eg kan tenke meg er praktisk om ein skal ringe til nokon framandspråklege.
Det viste seg også at guds mor hadde fått plass på hurtigtastane (i den grønne firkanten).

Etterpå kjøpte vi dette innfødtsnopet av ei dame på fortauet. Det var igrunn litt som risengrynsgraut, med sviskekompott eller noko sånt. Det var óg rosiner og kanel på. Det var lenge sidan vi hadde smakt "norsk" mat, så det var jo koseleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar