søndag 9. januar 2011

AMAZONAS, YAHOO!

No har vi vore på ein spanande tur i jungelen! Gjer dokke klare for ein ganske grundig gjennomgang av kva vi har gjort: Det heile byrja ganske hektisk. Vi hadde bestilt flybillettar frå Guayaquil til Quito, slik at vi akkurat kom til å rekke å ta nattbuss til Lago Agrio, der vi skulle møte reisesjefane, eller kva det heiter. Vel inne på flyet (som var ein time forsinka), vart vi minna på at dette er ein litt annan verdsdel enn Europa (ikkje at det treng å vere negativt); tre personar krevde å få vere med på flyet, og nekta å gå sin veg! Alle dei barske mennene i flyet bretta opp skjorteerma sine og gjekk sint framover i flyet (som jo høyrer heime i latinamerikansk machokultur) medan dei ropte sinte ting mot blindpassasjerane. Eg fekk ikkje med meg om dei vart kasta ut eller ikkje, men etter kvart letta i alle fall flyet. Desverre kom vi for seint til å ta bussen vidare til Lago Agrio, så vi måtte tilbringe ei natt i kalde Quito atter ein gong.

Dagen etterpå tok vi ein taxi til busselskapet "Transesmeraldas" og kjøpte oss billettar til nattbussen. Då vi skulle ut i taxien for å betale, spurte han om han skulle køyre oss ein annan stad, og vi tenkte at det hadde vore artig å gå på kino! Vi sette oss inn, og byrja å køyre mot kinoen, då sjåføren byrja å snakke om monumentet "Mitad del Mundo". Vi hadde jo høyrt om dette før, og spurte om han ville køyre oss dit, noko han gladeleg gjekk med på. Etter ein halvtime med snakking om tradisjonell mat frå forskjellige kulturar og eit forsøk på å forklare kva graut er (på spansk), kom vi fram. Eg hadde ikkje med kamera, men på wikipedia er det nokre bilete av monumentet. Mitad del mundo står midt på ekvator (sjølv om sjølve monumentet ifølge sikre kjelder står ca. 200 meter unna sjølve ekvator...). Det vart også sagt at alle toaletta i monumentet skyller ned i kvar si retning, noko eg hadde gledd meg til å prøve ut! Desverre viste det seg at dei ikkje hadde ein einaste do der (såvidt eg såg), så eksperimentet forblei ugjort.

Etter kvart kom vi oss i alle fall til Lago Agrio, og vart plukka opp av reisesjefane. Frå Lago Agrio køyrde vi i tre timar med buss, ut til jungelen, og derifrå i tre timar med båt nedover elva, lengre og lengre inn i jungelen!
(du kan trykkje på alle bileta for å sjå det større).



Jungel er litt meir rynkete enn mangroveskog kan ein vel trygt seie!

Vi såg mange dyr på turen til leiren. Her om du leitar godt kan du sjå ei ape på dette biletet!

Til slutt kom vi fram, og tok inn på dette hotellet.

Etter ei lita avslappingsstund, bar det ut for å sjå på solnedgangen. Etter det var det "exciting night walk" som sto på plakaten:

Tru det eller ei, men det første vi såg var jammen meg ei kjempemaurtue!

Forbered dykk på eit realt sjokk! Det neste vi såg var nemleg eit pinnedyr!

Vi såg også dette skrekkeleg ekle insektet. Det var om lag 10cm langt!

Det ekle insektet hadde ein minst like lang kompis.

Vi såg også ein giftig frosk! Den var bitteliten, og såg ikkje så fryktinngytande ut, igrunn.

Dagen etterpå reiste vi rundt i båt og såg på dyr! Vi såg mellom anna mange fuglar og aper.

(dei som har pynta på hostellet i Quito har latt seg inspirere av endene i Amazonas-regnskogen)

Detter er eit vandrande tre. Det flyttar seg ved hjelp av røtene sine for å få sollys, seier Juan.

Denne billa samlar på avføring, seier Juan.

Dette er spindelvevet til mange edderkoppar som jobbar saman, seier Juan. Det er nestan som å bu i kollektiv!

Dette er den største maurtypen i Amazonas-regnskogen. Dei var om lag 3 cm lange!

Vi måtte gå gjennom mange typar regnskog! Her er myr-skog!

Prøv å finne Vida sine støvlar!

Enda ein giftig frosk!

Dette treet samarbeider med maurane! Maurane sprøytar syre inn i treet, slik at når blada fell på bakken, drep dei andre plantar som prøvar å vekse der (leg merke til det bare området rundt treet), seier Juan.

Desse pinnane går det an å røyke, seier Juan.

Her har det gått ein Jaguar, seier Juan! Dette er visst ganske sjeldan.

Her er eit bittelite dyr som prøvar å imponere ein hokjønnsversjon av det same bittelille dyret.

Ein kjempelarve!

Dette bæret smakte ganske likt som blåbær.

Vida gav naturens eigen neglelakk ein sjanse.

Her badar eg i den same sjøen som det bur delfinar, sjøku, Anaconda, Piraia og Alligatorar.
Vi såg alle desse dyra på turen, utanom Anaconda, som hadde gjømt seg for augneblinken.

Ein av dagane fiska vi etter piraia! Dei har jammen meg skarpe tenner!

Her klatrar Juan rundt i eit tre og leitar etter ein anaconda.

Denne edderkoppen budde i taket i avslapningshytta vår.

På kvelden tok vi ein båttur for å sjå etter alligatorar! Her går den eine guiden vår barbeint uti vatnet og leitar!

Etter eit minutt eller to kom han vandrande med denne vesle alligatoren (som han mista ned i båten, men heldigvis var han så liten at han ikkje kunne drepe nokon).

Etterpå såg vi ein større alligator. Augene has stikk såvidt opp av vatnet på dette biletet.

Etterpå såg vi visst ein enda større alligator, men han vart skremd vekk av opptøyene som denne fisken skapte ved å hoppe oppi båten vår!

Seinare på kvelden gjekk vi på "insekt og sånt-jakt"! Vi såg mellom anna denne ca. 10 cm lange tarantellen (som budde på hytta vi budde i).

Denne slangen budde også i hytta vår!

Utanfor hytta budde det nokre veldig fine froskar!



...ein kjempelarve

...og eit pinnedyr!

Dagen etter var det tid for å besøke nokre innfødte i indianarsamfunnet i Cuyabeno. Dei hadde ei ape som kjeledyr!

Apa vart veldig glad i Vida, og klatra over alt på ho.

...og hang seg fast i andletet hennar!

Vida tok nokre fine bilete av apa.


Apa hadde forresten veldig sterk hale!

Gabriela lagde tradisjonell indianarmat! Her skrellar ho ei yucca-rot (den brukast som regel på same måte som ei potet, sjølv om skrellereiskapen er noko større).

Etterpå raspa ho det.

Og vrei vatnet ut av det med denne reiskapen.

Etterpå la ho det på panna.

Og så var brødet ferdig! Det smakte heilt ok. Eg trur framleis foretrekkjer maisbrød.

Denne fuglen med krøpleføtter ville og vere med å sjå på.

Kva er vel ein regnskog utan regn?

Ein slik båt var fartøyet vårt under heile opphaldet i jungelen.

Her står amerikanaren Curtis inni det amerikanrar likar best: Den aller største versjonen av ein ting (i dette tilfellet det største treet i denne delen av jungelen).

Etterpå besøkte vi ein Sjaman! Det var spanande. Han song nokre songar på sitt eige språk, som eg desverre ikkje huskar kva heiter. Han fortalte også ein del om sjaman-yrket. Han hadde gått i lære som sjaman sidan han var 12 år gamal. No er han 60 år gamal, og har sjølv fleire elevar.

I denne skuledagboka har han oversikt over 500 medisinske plantar og urter. Han seier at sjamanane før i tida hadde kunnskap om mange mange fleire av desse, men at ting har vorte gløymd frå generasjon til generasjon.

Alt i alt var det veldig spanande å vere i jungelen! Etter dette opphaldet tenkte vi å reise ein tur til stranda, på andre sida av Ecuador (i Canoa). Lettare sagt enn gjort! Først tok vi buss til Quito. Vi vart fortald at denne skulle vere framme i Quito klokka 6. Trur du det var sant? Nei. Det resulterte i at vi ikkje fekk tatt bussen vi tenkte å ta frå Quito til San Vicente. Etter mykje om og men, fann vi ein annan buss vi kunne ta vidare frå Quito, til Manta, og derifrå ta buss til Canoa... Vart vi fortalde. Trur du det var sant? Nei. I Manta gjekk det ingen bussar vidare, og vi tok inn på dette stusselege hostellet:

Dagen etter (i dag) starta vi med friskt mot; vi reiste til busstasjonen, sa at vi ville til Canoa, og fekk vite at det lettaste var å ta ein buss til Bahia, og derifrå ta ein buss til Canoa. Ei stund etter kom ein mann og sa at det gjekk ein direktebuss til Canoa, og for $2 meir kunne dette ordne seg. Trur du det var sant? Nei. Då vi kom til ein by som heiter Portoviejo, fekk vi vite at vi var for få passasjerar. Sjåføren delte ut igjen pengane vi hadde betalt, og fekk beskjed om å finne ein annan buss til Canoa. Til slutt fann vi ein som skulle dit. Denne bussen køyrde uhyre fort, på dårlege vegar. Ei dame i bussen vart så bekymra at ho ringde politiet! Politiet stoppa bussen, og lurte om det var fleire enn denne dama som protesterte mot sjåføren. Sidan ingen sa noko, skjedde det heller ikkje noko, og bussen køyrde vidare.
...Enn så lenge. Sjåføren råkøyrde slik at bussen vart øydelagt, og vi måtte ta ein ny buss til Canoa. Etter to døgn med reising og tullball, kom vi fram til Canoa. Det viste seg forresten at det ikkje finst taxiar her, og at for å kome oss til hostellet vi ville bu på måtte vi ta buss!
Då vi kom fram til hostellet, viste det seg at dei ikkje har nokon lobby, og det var heilt øde her. Etter ein halvtimes venting på nokre utestolar, kom eigaren køyrande, og gav oss eit rom. Det tok ikkje lang tid før vi heiv på oss badekleda og tok oss ein dukkert.
Puh!

1 kommentar: