lørdag 1. januar 2011

GUAYAQUIL!

No har vi vore nokre dagar i Ecuadors største by, Guayaquil. Vi var mellom anna lova at nyttårsaftenen her skal vere noko av det mest spanande i verda, og Kristoffer og Anette inviterte oss heim til vertsfamilien til Kristoffer for å feire på ekte ecuadoriansk vis.

Det viktigste var såklart å kjøpe ein stor pappfigur. Denne (i vårt tilfelle, av ein eller annan grunn i form av teiknefilmfiguren Shrek) representerer det vonde i året som har gått. Denne figuren blir sprengt til fillebitar og brent opp. Ofte er figurane i form av upopulære politikarar og andre mislikte ting.

Her er pappfiguren vår stilt opp ilag med pappfigurane til dei andre i nabolaget. Medan vi tok bilete, sprang ein mann rundt og heiv bensin på alle figurane. Det var vel eit under at ingen av oss tok fyr.

Så var det tid for å tenne på heile greia. Alle (den taiwanske familien i gata var ekstra entusiastiske) heiv sprengstoff på bålet, og det smalt og dundra.

Dette går neppe an i Noreg. Ei fin oppleving med andre ord.

Vi fekk forresten også cubansk nyttårsmiddag. Det bestod av svinekjøt, ris, salat og ei maiskake som smakte litt som krydderkake, og det må vel vere lov å innrømme at krydderkake og svinekjøt er ein litt rar kombinajson. Til trass for denne kombinasjonen smakte maten utruleg godt, og eg vart veldig glad da mine mistankar om å ha restane til lunsj i dag viste seg å vere sanne. I tillegg til det stadig eksploderande kjempebålet hadde vi meir harmlaust fyrverkeri. Her leikar Anette og Kristoffer med nokre pinnar som skaut ut gnistar og slikt.

Og som om det ikkje var nok leiking på desse to ungdommane, viste dei oss eit gøyalt triks i eit av dei store monumenta i byen. Vi stilte oss på kvar vår side av ei stor marmorbue, og Kristoffer kviskra lavt der han sto. Likevel kunne vi høyre han klart og tydeleg langt unna! Dette haldt vi på med ei stund, heilt til mange born byrja å stille seg midt i vegen for lydbølgjene, og vi såg oss nøydde til å pakke sakene våre og gå.

Etterpå gjekk vi til topps på denne haugen her.

Heile vegen opp var ei lang trapp! Og alle trinna var nummererte.

Slik såg det ut i byrjinga av trappa. Heile vegen opp oste av barar og restaurantar. Vi hamna såklart av og til bak store folkemengder som gjekk treigt, som er noko av det verste eg veit, men vi gjekk protesterande forbi ved første høve.

Det vart faktisk mørkt før vi kom opp! Sannsynlegvis fordi vi byrja å gå opp akkurat i skumringstida, som ikkje varer så veldig lenge her.


Her står Vida og skuar ut over Guayaquil.

Vi har jo såklart sett mange fleire ting enn det som er nemnt her, men eg har jo ikkje bilete av det, og hugsar ikkje alt i fulle detaljar heller. Eit av høgdepunkta var i alle fall iguanparken! Ein park midt i byen, der det bur kjempeiguanar! Dei var heilt tamme og kravla berre sakte rundt, så vi kunne ta på dei! Det budde også nokre skilpadder i parken.

I morgon skal vi reise til Quito igjen, og derifra til ein jungelplass! Eg kjem ikkje til å ha internett på nokre dagar, men vil forhåpentlegvis ha eit mega-jungelinnlegg når vi kjem tilbake.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar