PÅSKEØYA!
Påskeøya er absolutt ikkje eit must på ein Latinamerikatur, det er nemlig veldig isolert, og flybillettar er dyre (om ein ikkje har flaks, slik vi hadde). Som ei av dei mest avsidesliggjande bebudde øyane i verda, ligg ho nestan like langt frå land, som det er frå Sjøholt til Pakistan!
Heile påskeøyturen byrja med at vi ikkje rakk flyet.
Vi fekk heldigvis nye billettar heilt gratis!
Planen var å være på Påskeøya saman med Annette og Kristoffer.
Sidan dei rakk flyet, og derfor måtte ta fly heim same dag som vi kom, fekk vi berre om lag 6 timar saman. Her prøvar dei å sette opp kameraa sine på sjølvutløysar, for å ta bilete av alle fire.
Med Kristoffer og Annette vel vekke frå øya, fekk vi tid til å utforske litt! Det viser seg at øya er omringa av fin og dramatisk klippekyst. Sidan øya er vulkansk, liknar naturen litt på Island (minus snø og kulde).
Det bur om lag 5600 personar på Rapa Nui (som påskeøya heiter på, ehm, rapa nui (som språket heiter)). Ovanfor kan ein sjå eit bilete av hovudgata.
Folket på Rapa Nui er det koselegaste vi har støytt borti hittil på turen vår. Alle var blide, og det såg ut som alle kom godt over ens med kvarandre. Dei heva heller ikkje eit augebryn når dei lukta turistmanns blod, noko som var litt deilig.
Dei er veldig glade i å vere i vatnet! Her leikar ungane i taua på hamna, og (på biletet) under surfar dei store gutane ute i sjøen.

Vi budde på eit fint (og heilt nytt) hostel nestan midt i sentrum (på biletet er nabobygninga, som var mykje finare enn hostellet (der foreldra til hostelleigaren budde)). Det viste seg at hostelleigaren, ei ung Rapa Nui-dame, kunne omtrent flytande svensk, og hadde budd i Sverige i 9 år! Påskeøya er veldig dyrt, så vi forberedte oss godt med å kjøpe inn spaghetti for heile opphaldet medan vi var i Lima. Planen fungerte veldig bra, sjølv om vi måtte punge litt ut for omvisningar på øya. Men men, ein er vel berre på Påskeøya éin gong?
På dag nr. to leige vi oss syklar. Litt lite forberedt, sykla vi rundt på øya i seks timar.
Her er Vida med sykkelen sin. Ho tek bilete av noko spanande.
Her er eg med min sykkel!
Vi fekk heldigvis nye billettar heilt gratis!
Sidan dei rakk flyet, og derfor måtte ta fly heim same dag som vi kom, fekk vi berre om lag 6 timar saman. Her prøvar dei å sette opp kameraa sine på sjølvutløysar, for å ta bilete av alle fire.
Folket på Rapa Nui er det koselegaste vi har støytt borti hittil på turen vår. Alle var blide, og det såg ut som alle kom godt over ens med kvarandre. Dei heva heller ikkje eit augebryn når dei lukta turistmanns blod, noko som var litt deilig.
På dag nr. to leige vi oss syklar. Litt lite forberedt, sykla vi rundt på øya i seks timar.
Etterpå sykla vi vidare, til Ana Te Pora. Denne hula var brukt i seremonielle samanhengar.
Moaiane representerer daude personar (av høg rang), som er begravde under sin respektive moai.
Men dagen var langt ifrå over! Hostelleigaren vår "insisterte" på at vi skulle sjå på eit lokalt danseshow. Sjølv om vi brukte mesteparten av tida på å vere redde for å bli trekt opp på scena, hadde vi det veldig gøy.
Dag 3:
På den tredje dagen tok vi ein guida tur (med faren til hostelleigaren). Først reiste vi til Vinapú. Ahu er forresten eit "alter" (grunnmuren som moaiane står på). I Vinapú var det to store ahuar. Alle moaiane var velta (noko kortørene stod for, då dei vann over langørene). Dei fleste moaiane på øya er velta, og dei som er oppreiste er som regel restaurerte. (Hovuda som ein ser på bileta over er frå velta og knekte moaiar).
Dette er steinbrotet der alle moaiane på øya vart hogde ut (utanom ein eller to).
I fjellet kan ein sjå mange moaiar som ikkje er ferdige. Moaiane har gradvis blitt begravd av jord, og ser ut som dei står tolmodig og ventar på å få ein ahu å stå på.
Det var og hogd inn mange prikkar i bakken. Kvar prikk representerer eit barn som har blitt ofra foran ahuen. Dei vart ofra ved at innvollane til barnet vart kokte og gitt til moaiane.
Den siste dagen brukte vi berre til å bade og slappe av, sidan det var vår siste strandoppleving før Buenos Aires (der det heller ikkje finst strender).
Dagen etter tok vi fly heim, og overnatta ei natt i Lima, før vi tok ein 23timers busstur til Cuzco, der det er iskaldt (15 grader, eller noko sånt!). Vi har på oss mykje klede.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar