lørdag 25. september 2010

Fest i byn!
Ja, som sagt, det har vore fest i byen! Ein lang periode med fyrverkeri både dag og natt, er (forhåpentlegvis) over, og det heile vart avslutta med eit tog gjennom byen. Dette var nestan som 17. mai-tog i Noreg, berre mindre stivt og oppstilt (og kanskje derfor meir lystig også?). Vel, det var gjort forsøk på å vere strigla såklart, men det kunne nestan virke som om dei i toget igrunn ikkje var så interesserte.
Det viste seg at Nicaraguas høgaste mann valde å ta turen.

Her ser vi eit typisk nicaraguansk korps: Dei spelar, som korps flest, på trommer, blåseinstrument og sånn pling plong-ting.

Ragnhild kjøpte kandisert eple. Vida tok mange bilete.

Dei er også veldig glade i jomfru maria. Faktisk så glade at dei vil bære ein stor figur av ho gjennom byen.

Nærbilete av den store figuren. Det var fasinerande å sjå på bæringa. Dei hadde mellom anna ein person på kvar side som løfta opp dei slappe strømleidningane med nokre pinnar. Men trur du det hjalp? Hah, nei. Like foran oss stoppa heile bæreprossessen fordi dei hang fast i ei leidning, til applaus frå publikum.

Etterpå kom ein mann og skaut opp mykje fyrverkeri. Typisk Nicaragua.
Etter fyrverkerimannen kom ein lastebil og to fyrar (bakerst i toget). Jobben deira var å pakke ned all pynten, medan toget gjekk. Det er jammen viktig at i morgon skal ingen ane at det har vert eit menneske i denne gata!

Men frå religion til viktige ting:
No har eg testa ein sjokolade som heiter mr. BIG! Han kosta ca 4kr og var (som namnet tilseier) kjempestor. På biletet liknar han Lion-sjokoladen på ein prikk, og eg tenkte "nam nam, dette blir godt". Etter fyste tyggja var eg ikkje like oppspilt. Møkkasjokolade.


Eg vil leggje til eit bilete av internett-sendaren vår, som forresten ikkje alltid virkar.Han heng fint dandert i ein liten tråd, i ordentleg "gammal mann frå sunnmøre"-stil.


Eg har forresten lagt merke til at dei ikkje er spesielt redde for å gå konkurs her i landet. Her, for eksempel, er ei klesforretning med det ambisiøse namnet "butikk for alltid".

mandag 20. september 2010

I helga har eit par ting skjedd:
Først av alt hadde vi husfest. Det vil seie, Sueño De Meme hadde husfest (så vi slapp å rydde). Etter festen undersøkte vi litt av kva León har å by på på nattestid. Mellom anna inkluderer dette "dødsburgeren", som er fastfood som ein nestan garantert blir dårleg av, men som til gjengjeld berre kostar 10kr. Eg trossa farene, og åt to (og er framleis frisk som ein fisk). Denne kvelden møtte eg ein person som heiter Vladimir (ikkje fordi han hadde europeiske aner, men utelukkande fordi mora has var hekta på Stalin).
Her spillar Erlend frå Sauda litt gitar.

Dagen etterpå var forventingane høge: Det var tid for at Terje skulle lage fellesmiddag. Han og disiplane has okkuperte kjøkkenet i fleire timar, og etter kvart som tida gjekk byrja alle dei andre bebuarane i huset å henge rundt kjøkkenet som svoltne haiar. Vi kika og kika, og dei laga og laga (mat). Vi hørte during frå miksmasterar, fresing frå steikepanner og kuttelydar frå knivar. Herlege lukter byrja å sive inn i nasebora våre, og vi sendte oppspilte blikk oss imellom; kva er det dei lagar, skal tru? Vi kunne skimte nokre tomatar, litt løk, litt brød, og ei rekkje andre spanande ting. Til slutt fekk vi mat. Det var godt.
Her er matabordet.

Til slutt vil eg berre seie: Jesus er mannen.

fredag 17. september 2010

Hoho! I dag har det skjedd ein god del.

Det heile byrja med at bølgjene på stranda var veldig store (noko som ikkje visast så godt på biletet under). Vi sto i vasskanten, og vart bokstaveleg talt sugd ut i vatnet. Det var skummelt og kjempegøy samstundes. Heldigvis vart eg ikkje solbrent i dag (trur eg i alle fall)
Etterpå (igrunn for ei uke sidan, men eg latar som det var i dag, for å få ein slags flyt i bloggen), smakte eg ein kjekstype som heiter noko så originalt som Can Can. Det var sjokoladekjeks med sjokoladefyll (smør på flæsk, som Thekla sier). PS: No ser eg at eg såklart har gløymd å snu biletet, men de får heller snu litt på PCen, så gjer det nok same nytten.

Etterpå reiste vi til ein stad som har eit namn. Der såg vi på nokre papegøyer og duer eller noko slikt. Ei av papegøyene var veldig interessert oss, og den andre var rett og slett for "kuul" for oss, og som følgje er det ingen bilete av ho her.

Ho var veldig flink til å imitere fysisk vanskelegstilte.
Etter å ha kika på papegøyene ei lita stund, var det tid for hovud-agendaen vår: MANGROVESKOG
Slik ser det ut i mangroveskog.

Og slik ser bebuarane ut. Frå no av kjem eg berre til å fnyse av alle som seier at dei har ein stor edderkopp på rommet.

Det var også mange fuglar der.
Og fiskarar. Dei brukar mellom anna tida si på å setje ut garn!

Og båtføraren vår brukte tida si på å ta garnet ut av propellen.

Etter ein lang og spanande tur i mangroveskogen var det på tide å rette snuten heim. Då hadde sola begynt å gå ned, og eg knipsa dette vakre jpg.

Etterpå såg eg ein tilsynelatande heimlaus gris. Den knipsa eg også.

Ein lang dag utan middag betyr berre ein ting! På tide med middag! Sidan vi er i sparemodus, lagar eg og Vida mesteparten av maten heime. Nattevakten kjem av og til bort for å flire litt av oss, eller gjere rare ting som å seie "høh, det er maur i sukkeret!" for så å ta ei stor skei sukker oppi kaffien sin og smile.

Berre ein ting gjenstår for å gjere denne dagen perfekt: Litt snop! Godteriet denne gongen heiter "Gomilocas - Dientes". Eg veit ikkje heilt kva det blir på norsk, men eg velgjer å omsetje det til "Gærne gebisser".
Eg skal prøve noko heilt nytt her på bloggen, nemleg å live-blogge! Eg skal skrive mi umiddelbare meining inn på bloggen, medan eg et godteriet! Eg er minst like spent som dykk. Følg med, her kjem reaksjonen:

Hmm. Det var veldig vanskeleg å seie kva eg tykkjer om dette. Etter ei runde rundt bordet kom vi fram til at det var godt. Sitat Vida: "Nam! Det smakar E-stoff!"

torsdag 16. september 2010

mandag 13. september 2010

San Juan Del Sur
I helga har vi vore på ferie i San Juan Del Sur. Det er hit alle reiser på ferie i Nicaragua har eg høyrt (litt som Neum eller kvar det er alle Bosniakkane reiser på ferie). Ovanfor er eit bilete av meg på resturang. Her kjøpte eg forresten ein pizza til c$120, og den var ca. 20cm stor i diameter...
Her er synet som møtte oss om morgonen. Eit knippe arbeidarar satt og koste seg med snekring og "underhaldning" på taket utanfor vindauget vårt. Det faktiske synet som møtte meg var av ein nicaraguansk ungdom med cowboyhatt som stirra ubeskjedent på meg, til og med når eg stirra tilbake.

Kva er vel ein by utan jesusstatue?


...Eller privatradio?

Om natta kjøpte vi forresten ein pizza, og sprang gjennom byen i regnet. Når vi kom fram åt vi han (naturlegvis).

På vegen heim frå San Juan lyna og tora det veldig mykje! Det var nestan som å vere på eit diskotek.



Eg har kome litt på etterskudd med snopspalten, så her kjem ei heil rekkje med ting eg har spist (evt. kasta i søpla) i det siste. No er det viktig å hugse at eg et ikkje godteri kvar dag! Snopet her er trass alt fordelt over ei og ei halv uke! Men slapp av mamma, eg et ikkje berre usunne ting. Mellom anna Multigrano (på biletet ovanfor), er kjempesunt, og eg får store musklar av det. Smaken var heilt ok.



Ursinhos de Frutas (gummibjørnar). Dette smakte skrekkeleg. Eg gav det til ei som heiter Ragnhild (ikkje for å vere slem, vel å merke).



Ranchitas! Dette har eg forsåvidt ete før også. Grunnen til at eg kjøpte det ein gong til var fordi det smakte godt. Eg kjøpte ei pakke i San Juan også forresten. Vert eg ikkje feit i dag, så vert eg det i morgon.


Det siste eg testa var tre typar småposar med snop. Produsenten pirrar nysgjerrigheita allereie frå starten, ved å ikkje vise bilete av snopet på pakka slik at den som skal spise ikkje anar kva som er oppi (med mindre ein kan mykje spansk da, vel å merke).

Det første eg spiste var ostepop. Det smakte som ostepopar flest igrunn, ikkje noko meir å seie om den saken.
Det neste eg smakte var tørka banan trur eg (eg hugsar igrunn ikkje). Det smakte litt kjedeleg.
Det siste var popkorn med ostesmak. Det var godt, men vart fort litt mykje.

I morgon er det nasjonaldag her i León, og eg kjenner (basert på dei buekorpsaktige øvingane som har pågått i gatene her) at eg gruar meg litt. Men det skal bli spanande å sjå kva som skjer!

PS: I dag har eg vore på min andre gitartime her i byen, og det gjekk heilt greitt.

mandag 6. september 2010

No har eg testa tre typar snop. Den fyste eg testa var Ziba's. Det kan samanliknast med ostepop (med ketchup-smak). For å være ærleg smakte det ufyseleg. Ikkje ein gong pappa, som et alt for å sleppe å kaste snop, hadde likt det.
Det neste eg smakte var Chicharrones. Dette var baconsvor... trudde eg. Det er faktisk det eklaste eg har smakt, og eg kasta posen etter ei tygge.
Det siste var det einaste gode. Det var igrunn heilt vanlege tortillachips med ostesmak, og smakte likeså. Nam nam

søndag 5. september 2010


I dag har vi vore på ein vulkan som heiter Cerro Negro. Her er eit knippe bilete.Det var eit yrande insektliv på vulkanen.


Etterpå såg vi på nokre iguanar


No har eg smakt eit snop som heiter "Culebritas" (sure slangar). Det smakte veldig rart, men godt samstundes.

onsdag 1. september 2010

Eg har forresten gløymd å leggje ut bilete frå stranda på skulen! Det er ca. 0 meter å gå frå skuleplassen til stranda.
Som ein kan sjå, er det ikkje berre i Kristiansund dei "tergar bårå"! Dette biletet er forresten teke rett utanfor skuleplassen.
Her er nokre bilete frå huset vi bur i (Casa Santiago).







Det er mykje fine plantar og andre greier her!