lørdag 23. oktober 2010

Denne helga var det Kristine sin tur å ha bursdag! Her er ho med den fine hetta som ho fekk.
Du kan tru ho vart glad!


Elles kan eg rapportere at vi har vore på eit museum og sett på ting som f. eks. verdas minst sjarmerande born:

Museumet var ei blanding av myte og kulturmuseum, og fengselsmuseum:
I denne cella haldt dei ca. 40 fangar.


Dette er søppelkassa mi:

onsdag 20. oktober 2010

"sommeren har kome" du liksom...
For eit par veker sidan vart vi lova sommar og sol, og ingen regn på mange månader.
Dette biletet tok eg rett utanfor døra mi for to dagar sidan, og det seier vel sitt:


I går hadde vi vår sjuande (?) og siste noche cultural, der vi lærte å "lage" mange nicaraguanske rettar. Vi lærte mellom anna å legge litt kjøt på ei lefse. Det smakte godt. Ellers fekk vi ein drikk som var laga av ei veldig merkeleg frukt, blanda med melk. Det smakte som sjokomelk, berre mykje betre, og kan nestan reknast som det andre av dei to einaste sunne godteria i verda (der malteekstrakt er rekna som nummer ein, sjølv om det ikkje er noko godt).

Ellers har eg ei ordentleg gladsak: På veg til skulen i dag, såg eg ein utsulta hest på avveie! Hadde han dreve ein kafé, vore 65 år og fortsatt i full vigør kunne han sikkert ha vore med i Norge rundt!

søndag 17. oktober 2010

I helga har vi gjort litt forskjellig. Først tok vi gyngestolane (som eg trur er det vi vil sakne mest frå Nicaragua) inn på kjøkkenet, og åt vår vanlige mat: spaghetti

Her set Vida tenna i ein porsjon spaghetti

Same kveld hadde Hanna bursdag, og det vart ei lita feiring med is og tilbehør

Her set Hanna gaffelen i ein porsjon is

Kjæresten til Hanna, som kom på besøk frå Norge for anledninga, hadde med seg nonstop!

Dagen etter (altså i dag) reiste vi på tur til León Viejo. Det er den gamle byen León, som vart begravd i lava for nokre hundre år sidan.

Her er nokre av murane i byen

Her er golvet til den rikaste mannen i byen (og skal visstnok vere det einaste golvet som var i heile byen)

Her er Francisco Hernandez de Cordoba. Grunnleggjaren eller noko sånt.

Her er Francisco Hernandez de Cordoba si private vasspumpe

Her er mange personar frå skulen vår, inni ei kyrkje, som ser på gravplassen til Francisco Hernandez de Cordoba

Her er ei statue av kva spanjolane gjorde med indianarane. Dei fanga dei og lot hundane sine ete dei levande

Inni desse ringane fann dei skjeletta til to daude biskopar


Her er Momotombo, ein av dei populære vulkanane i Nicaragua. Forøvrig vulkanen som begrov León Viejo

Etter bybesøket reiste vi til ein veldig idyllisk plass med mykje jungel utan noko teikn til sivilisasjon. Her bada vi nedi eit stort krater eller noko sån, og vatnet var veldig varmt. Eg tok såklart ikkje med meg kameraet mitt dit, så du må sjølv forestille deg det

onsdag 13. oktober 2010

NOCHE CULTURAL

Hittil denne uka har vi ikkje gjort så særleg mykje. Kvar tysdag har vi noko som heiter noche cultural. Då vert vi presentert for litt kultur! I går hadde vi besøk av ein dansetrupp som eh.. dansa. Og sidan du (mamma) er så interessert i kniplingar og veving (å veve er trass alt å leve), har eg lagt ut nokre bilete av dansarane, sjølv om dei er så uklare at ein igrunn ikkje ser draktene deira.

Då vi kom heim var det på tide å lage mat! Draumen min vart oppfylt, PASTA MED PESTO sto for tur. Sidan det ikkje finst pesto her i landet måtte denne lagast en casa.

Her er maten, og det smakte faktisk godt!

Her er eit bilete av meg med maten, slik at du (mamma, min einaste lesar) kan sjå meg og bli glad.

Til slutt vil eg leggje ut eit par bilete av kunsten vi har på skulen:

Dette trur eg skal forestille ei mor som held ein unge.

Dette håpar eg ikkje skal forestille noko som helst...

søndag 10. oktober 2010

Denne helga har vore prega av festar.
Maren hadde bursdag på fredag, og det skulle feirast!

Her er bursdagsbornet.

Ho hadde skaffa til vegs ei kake (som smakte litt rart).

Dagen etter var det grillfest på stranda! Den store blodklumpen som ligg nesta på midten er min og Vida sin mat, og det smakte ganske så godt. Vi bada mykje, og surfa litt også. Eg såg pelikanar som flaug og svømte (ikkje samtidig, sidan det ikkje går an, naturlegvis) og ei tordivel-liknande bille som var kanskje 8cm lang! Den største billa eg har sett i heile mitt liv, altså.


Etter strandfesten var det tid for å feire Thekla sin bursdag! Eg gløymde såklart å ta bilete av både ho Thekla og kaka (som smakte betre denne gongen). Til gjengjeld har eg eit bilete av gava eg og Vida gav ho. Ein piñata! Folk slo i vei på piñataen, og snopet hagla!

Her er dei 3,5 kiloa med snop, som vi putta inni. Nam nam seier eg.

tirsdag 5. oktober 2010

Det er eit par ting (eller igrunn mange) som er morosame med bruktbutikkverda.
1: Folk som er veldig ukritiske til kva dei leverer inn til bruktbutikkar.
2: Bruktbutikkarbeidarar som er veldig ukritiske til kva dei legg ut i butikken.
Det aller mest morosame er når dette skjer med same ting! Ja, det har skjedd der eg bur, som då eg kjøpte den spanande familiefilmen (bokstaveleg talt, viste det seg faktisk) Konfirmasjon Anna.
Og ja, det har faktisk skjedd her i Nicaragua og. I dag har eg kjøpt meg denne vakre tskjorta på ein bruktbutikk. Eg gledar meg allereie til å bruke ho.

søndag 3. oktober 2010

Denne uka har det ikkje skjedd så innmari mykje.

Terje har som vanleg laga mat.

Maria har som vanleg vore med på å lage.

Det har som vanleg regna innmari mykje, men eg trur den perioden er over no, og at det går mot sommar her (skrekk og gru!).

Pro Maní; Garapiñado. Dette er vel det same som brente mandlar, berre at det er peanøtter. Det smakte heilt ok, men ulempa er at ein må spise heile pakka, for om ho ligg i ein dag, blir alt berre ein smelta klump.

Lay's: Ettersom dette kun er å finne på kjempedyre kioskar i Noreg, har eg aldri tatt meg den luksusen å smake det. ..Før eg kom hit vel å merke. Her kostar ein pose ca. 3kr. Etter å ha spist det, må eg seie, det smakar heilt vanleg. Trur eg skal halde meg til vanleg potetgull når eg kjem til Noreg igjen for å seie det slik.

Ukas vinnar er sjokoladefotballane! Dei var kjempegode, og ganske billige. Meir kan eg ikkje seie om den saken.