mandag 7. mars 2011

Enda meir friehelg!

Ikkje ei ny frihelg da, såklart, men fortsettelse av den vi har begynt på.

Først reiste vi på festival, og som ein kan sjå på billetten var Shakira headlineren, men til mitt forsvar spilte også Ziggy Marley der (så no har eg vore på konsert med han to gonger på ei veke! Og kunne godt gjort det enda fleire gonger)!


Kvar søndag er det marked i ei gate like ved der vi bur. Då kjem alle raringane ut av skallet sitt og gjer ting som, f. eks denne mannen, som kler seg ut som si eiga dukke og har eit lite skodespel.

Denne mannen sin evne til å stå heilt stille er såklart umogleg å fange på kamera, men det såg igrunn ut som det gjer når ein ser på dette biletet lenge. Han var også flink til å ha ansiktsuttrykk som ein litt ekkel betrevitar, spør du meg.

Flaks for denne trubaduren at han har fotobevis på at han ein gong var ung og kjekk (og har hengt dei opp rundt seg).

Denne mannen fant sitt levebrød i ei pakke ståltråd.

På dette ganske store markedet like ved der vi bur har eg kjøpt mang ei LP-plate.

Etter markedet reiste eg litt rundt i byen. Eg fann mellom anna ut at det er mykje tøffare å vere frå Italia enn Noreg! Berre sjå på monumentet på Plaza Italia (over) og Plaza Noruega (under).



Etterpå reiste eg til botanisk hage. Noko av det mest spanande der var denne grønne dammen på størrelse med ein pizza...

Faktisk, så har samtlige gartneri eg har besøkt (ca. eitt), vore meir spanande enn dette. Skuffa reiste eg heim og sov.

Dagen etter reiste eg tilbake til det same strøket! Eg gjekk og gjekk, og plutseleg var eg inne i ein kjempepark, omgitt av statuer!

Dette monumentet veit eg ingenting om.

Eg gjekk og gjekk. Omgitt av klinande par og familiar på piknik, følte eg meg litt som Ringo i A Hard Day's Night, der han tuslar vennelaus rundt utan mål og meining.

Min familie er på andre sida av jorda. Kanskje spis dei potetball akkurat no. Det er første gong eg har fått heimlengsel på turen, men om 58 dagar eller noko sånt, skal eg og få spise potetball! Og då skal eg såklart spise på romsdalsmetoden, der ein ikkje er ferdig før ein sit på den første ein spiste (det er i alle fall det eg har høyrd at dei gjer, men eg veit ikkje om det er heilt sant)!

Eg kikka litt på nokre ungdommar som gjorde halsbrekkande stunts (som det sikkert ikkje heiter på nynorsk, men kva veit vel eg) på skateboard.

Eg såg ei jente som hadde på seg Black Sabbath-tskjorte, og heimlengselen slapp taket igjen!

Etter å ha blitt glad igjen hoppa eg lystig og plystrande vidare. På min veg såg eg denne mannen, som brukte motorsykkelen sin som sukkerspinnmaskin! "Det går da ikkje an!" seier sukkerspinnekspertane i Norge. Men joda, i latinamerika går alt an.

"Historisk stad" står det på dette skiltet. Eg vart såklart glad; "juhuu!" tenkte eg, "Dette blir spanande!". Men det var falsk alarm. Det historiske med denne staden var nemleg berre at Buenos Aires cricketklubb si første cricketbane vart laga her i 1864.

Etterpå gjekk eg i zoologisk hage.

Etter at eg vart stor har eg skjønt at Zoologisk hage igrunn er ganske stusseleg.

Denne padda var så rar at eg faktisk heilt ubevisst ropte "haha! Sjå!" til ein gammal mann som stod ved sidan av meg.

Dette er den feitaste klatten eg har sett i mitt liv.

Eg har aldri skjønt poenget med å ha heilt vanlege husdyr i dyrehagar. Det er jo ikkje spanande for fem flate øre.

Men når sant skal seiast var ho ganske populær!

Eg har enno ein fridag før skulen byrjar på igjen, men eg anar ikkje kva eg skal bruke han til. Eg trur ikkje eg gidd å gjere eit tredje forsøk på å finne den japanske hagen, i alle fall.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar