Ball!
Medan enkelte er ute på byen og gjer ungdomsting, har eg haldt meg inne, og gjort pensjonistting.
Eg tenkte at i dag var dagen for å endeleg spise ball, for første gong på over eit halvt år.
Eg følgde oppskrifta etter punkt og prikke, men sidan dei ikkje (overraskande nok) ikkje har hverken flesk eller duppe (eg veit igrunn ikkje kva duppe er, og treng det sikkert heller ikkje) her, vart eg litt bekymra. Men til tross for dette vart det faktisk kjempegodt! Det smakte nestan som vanleg potetball!
Eg vil rette ei takk til kvinneguiden.no som kom med fine potetkokingstips (som eg ikkje følgde, noko som resulterte i at potetene kanskje kunne ha vore betre)!
Vi har ikkje potetskrellar, forresten.
Då vi såg gatemusikarane eg la ut bilete av for eit par dagar sidan, var Vida snartenkt, og fekk filma litt av det dei spelte. Og sidan Kristine ville sjå det, legg eg det ut her! Det var god stemning der, og folk dansa og var glade. Ei dame likte veldig godt å finne opp sin eigen melodi, som ho gnålte surt ut midt i publikum. "Det må da vere lov å synge med og kose seg!" tenkjer du kanskje no, men eg vil gjerne leggje til at ho høyrtes ut som ein kjederøykjande katt på dødsleiet.
Ha ein fin kveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar