onsdag 23. mars 2011

Las abuelas de Plaza de mayo!

Eg har nyleg tatt turen til Plaza de Mayo for å observere eit argentinsk fenomen:
Som eg såvidt var inne på i ESMA-innlegget mitt, var det mange som vart kidnappa i Argentina på 70 og 80-tallet. Fleire av desse var gravide, og om lag 35 born vart fødde og adopterte vekk kun på ESMA, som var ein av fangeleirane (og abuelasane, "bestemødrene", har funne igjen 12 av desse borna). Dei byrja å protestere foran "Casa Rosada", som er regjeringsbygninga i Buenos Aires. Etter at det vart ulovleg å samlast der og berre sitje stille (?), byrja dei å gå rundt og rundt statua til høgre i biletet. Dei gjer det den dag i dag, kvar torsdag (som vist på biletet).

Her er litt av casa rosada, og balkongen der mang ein president har talt til folket!

Her er den andre sida av Plaza de Mayo.

Men bortsett frå død og forsvinningar har vi laga mykje mat! Vi fekk besøk av Vida sin ven Leandro atter ein gong, og han lærte oss å lage tomatsaus. Her er eit bilete av maten, og spaghettien som måtte testast om han var klar til spising.


Og til alle som er misunnelege på oss som har det varmt og godt, kan eg berre seie at denne ein gong solfylte og varme gata har blitt forvandla til den våte og kalde gata på biletet (over).

Sidan denne bloggen tydelegvis handlar meir om mat enn kultur og politikk, tek eg med dette biletet av alle tinga ein (ifølge oppskrifta) treng for å lage sursøt saus. Håpar det blir godt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar