tirsdag 14. desember 2010

19. DESEMBER!

I dag har eg eit bilete av ein hund frå San Juan Del Sur i Nicaragua. Den hadde nettopp tissa, og går rundt og leitar etter nye stader å tisse. Er det ikkje det hundar gjer?

No har vi reist frå Costa Rica til Panama City! Det er deilig å vere omgitt av hus med meir enn berre ei etasje igjen. Til og med Sjøholt har faktisk høgare hus enn León! I Panama City har dei dei høgaste bygningane eg har sett i mitt liv! Det er heilt vilt. Ein dag skal eg prøve å ta nokre bilete. I dag har vi brukt ALL tida vår på å vere på eit kjøpesenter. Eitt einaste ett faktisk, og det er det største eg har vore på. Faktisk så stort at vi først brukte halve dagen på å orientere oss, så reiste vi heim for å spise, før vi reiste tilbake og brukte resten av dagen (til klokka ti om kvelden!) på å kikke meir.

Det er mykje som er anleis her enn i Nicaragua. Mellom anna er det mykje meire oppsiktsvekkjande å vere kvit i Nicaragua. Eg har faktisk ikkje blitt kalla "Chele", "Gringo" eller "Vikingo" ein einaste gong sidan eg kom hit! Her er heller ikkje dagleg-nasjonaldrakta i Nicaragua (oransje stripete piquéskjorte og dongeribukse, gjerne med ein caps fint dandert på toppen) så populær.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar