tirsdag 28. desember 2010

Etter ein åtte timars busstur kom vi fram til Guayaquil, den største byen i Ecuador.
Sidan det er mykje varmare her enn i Quito, har vi vore ganske slitne her!

Her er forresten ein sjokolade vi fekk i julegave frå hostellet vi budde på i Quito. Spanskkunnskapane mine er kanskje ikkje dei beste i verda, men eg er ganske sikker på at det står at denne sjokoladen smakar toalett og sjokolade... (det gjorde den faktisk òg)

I dag unna vi oss i tillegg ein ekte sushimiddag! Det var ein veldig positiv opplevelse, og eg vart, som Vida spådde, skuffa då det var tomt. Dette skal du lære deg å lage til eg kjem heim, mamma!

No har eg forresten fått nokre bilete frå Vida sitt kamera! Her er eit bilete av desserten vår frå julemiddagen! Vi sparte ikkje på noko, og slo til med å bruke om lag 50kr på å godte oss med pizza og banana-split!

Her er eit bilete av kyllingfoten eg fann i suppa mi. Den hadde til og med gåsehud! Noko som gav meg og gåsehud. Men suppa var god!

Kaffien her til lands er laga av varmt vatn og kaffi-ekstrakt! Det blir ikkje heilt tilfredsstillande, men men.

Her er eit bilete av meg på fjelltoppen over Quito!

Vida la òg merke til dette vakre motivet, av ein kafé, med skyene i bakgrunnen! Vi var faktisk så høgt oppe at vi såg ned på flya som flaug over byen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar