mandag 20. desember 2010

21. DESEMBER!

I dag har det jammen skjedd mykje! Det heile byrja på fredag, då eg sto heilt aleine i "lobbyen" på hostellet, og studerte eit kart over Panama City. Plutseleg høyrde eg nokon rope "LAAARS??" bak meg. Det viste seg at vi på eit sekund gjekk frå å vere to norske i Panama, til sju. Fem av oss på same hostel! I dag har vi vore fire frå kulturstudier på hostellet, og har fylt dagen med det siste grumset av turistattraksjonar i byen.

Først reiste vi på naturhistorisk museum. Eg har veldig veldig ofte spurt meg sjølv om det finst museum som er stusselegare og dårlegare tilrettelagt enn Auschwitz og naturhistorisk museum i Oslo til saman, og i dag fekk eg svaret; Ja. I kundeboka (eit omfattande registreringsverk som alle kundar må skrive seg inn i), var det ikkje oppført nokon besøk på ei veke. På biletet er deira illustrasjon av ein "kjempelatsabb". Eller dovendyr frå dinosaurtida, om du vil.

Dei hadde også ei veldig merkeleg julekrybbe der. Den var pynta med små plastikkdyr og store utstoppa fuglar, om kvarandre.

Dei hadde òg teke seg bryet med å lage ein utruleg verkelegheitsnær jungel der, noko Vida og Kristoffer sette stor pris på.

Etterpå reiste vi til Mi Pueblito. Ein 1800-tallsby, som kunne minne litt om sunnmøre museum, for den som har vore der.

Dei hadde ei veldig fin julekrybbe der òg.

Etterpå reiste vi til det mest snobbete kjøpesenteret i byen (landet?). Her gjekk vi på kino, og fekk faktisk kome inn i VIP-salen! Den var heilt lik vanlege salar, men vi måtte ta heis for å kome dit. Adrenalinet pumpa høgt med samtlege då vi fylde ryggsekken min med take-away mat frå ein nærliggande restaurant, for å snike han med oss inn på kinoen.

Etterpå kjøpte eg ein kjempekanelsnurr, med ALT. Den var veldig god. Det var faktisk min tredje denne veka.

Her er ein bitteliten del av all julepynten dei brukar her, for å kompensere for mangelen på snø. Slike ting dukka opp allereie i oktober, og har berre blitt verre og verre. Men det er da koseleg, på ein merkeleg måte.

Sidan det var eit snobbekjøpesenter, hadde dei såklart skøytebane der også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar