fredag 17. desember 2010

34. DESEMBER!

No er vi som kjend i Panama! Panama City for å vere nøyaktig. Heile denne byen er under konstruksjon, så og seie. Det er eit utall høge blokker her i byen, og mesteparten av dei er berre halvferdige.

Slik ser ei av dei ferdige blokkene ut.

Dei siste dagane har vi vore ultra-turistar, og fått med oss det som måtte vere av ting å sjå på. Vi har forresten også blitt veldig flinke til å ta bussen her, noko som berre kostar 1kr, i motsetnad til taxi, som kostar 40kr, omtrent. Her er ei julekrybbe frå Panama, for den som er interessert i slikt.

Det første vi gjorde var å reise til Panama Viejo (gamle-Panama). På biletet ser vi nokre ruinar frå gamlebyen, med den nye byen vakkert poserande i bakgrunnen. Panama Viejo var den første byen på vestkysten av det amerikanske kontinentet, heilt til piratane tvang bebuarane til å flytte litt lengre vekk, men ikkje så langt igrunn (på andre sida av det som er den moderne byen i dag).

Her står Vida inni eit nonnekloster! No er det riktignok ikkje eit nonnekloster lengre, men ein stor steinklump.


Her skal, om vi kan spansk godt nok, nonnene ha budd.

Her er eit 22 meter høgt klokketårn. Vi gjekk heilt til toppen.

I tårnet vart vi belønna med ein papirkopp med iskaldt vatn.

Eit par dagar etter (i dag) reiste vi ut til nokre øyar heilt i munningen av panama-kanalen. Her leigde vi nokre syklar, og la ut på ei lang og spanande ferd på øyane!

...Berre for å finne ut at eit kvarter med sykling fører oss ca hit, og at mesteparten av øyane er brukt til å overvåke trafikken i kanalen.

Her er forresten åpninga av panama-kanalen.

Men det finst såklart mykje meir spanande ting å sjå på enn gamle elvemunningar og yach-klubbar! Her er mellom anna ei samling forskjellige skilt, observert innan ein kilometer på den same vegstrekninga. Her ser vi ein heilt vanleg mann som går.

Her ser vi ein sjølvsikker person med ei kjempe-sprettrumpe!

Her har vi ein litt nervøs business-person med koffert.

Og sist men ikkje minst! Den spreke joggemannen.

Heilt ut av det blå dukka det opp eit slags akvarium/naturreservat/info-senter om natur.
Her poserer Vida nervøst framfor ein plastikkversjon av kjeven til ein hai som levde i dinosaur-tida, som det ikkje kallast i akademiske samanhengar.

Og som om ikkje det var nok! Her gjer Vida det ho likar aller best, nemlig å kikke på krabbe-kroppsdelar i mikroskop!

Og å ta på sjødyr.


Dei hadde også haiar og skilpadder der! Denne haien var ca. 2 meter lang. Eg gløymde å ta bilete av skilpadda, men de kan ha igjen augene og late som.

Dei hadde også eit vakkert eksemplar av verdas mest ubrukelege fisk! Han låg berre og vart kasta rundt av strømmen frå vannpumpa.

Men det største av alt var når vi hadde gått i ein skog kjempelenge, og til slutt fann eit dovendyr! Det breidde seg stor skuffelse gjennom gruppa (beståande av meg og Vida), då det viste seg at dovendyr lev opp til namnet sitt, og ikkje bevegar seg i det heile tatt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar