tirsdag 30. november 2010

No har det jammen skjedd mykje rart folkens!

Familien Thekla kom på besøk, og dei hadde med masse snadder frå Norge. Nokre fekk smake sin første snus på mange månader, og andre gjekk og knaska på eit knekkebrød. Eg var såklart dum nok til å ikkje bestille noko som helst. Men eg hadde vel ikkje klart å velgje kva eg ville hatt uansett. Det var i alle fall kosleg! Og mange vart kjempeglade.

Etterpå reiste alle frå huset vi har budd i. Eg, Vida, Terje, Marit og Sunniva reiste ei lita uke til denne staden (over). Det var herleg å ikkje gjere noko som helst, berre liggje og dasse, som ungdomane seier.

Vi kjøpte mellom anna ei kjempefrukt. Ho var så stor at Vida måtte bære ho med to hender! Velsmakande var han og.

Kven hadde trudd at å bu på ei øde strand skulle by på så mange gastronomiske opplevingar? Det neste vi åt var det som på folkemunne kallast "sånn mais-ting". Dette namnet moglegvis kan ha oppstått fordi vi ikkje veit va det heiter. Godt var det i alle fall.

Som om ikkje det var nok, stelte vi i stand stormiddag! Det vil seie, Terje (som vanleg), stelte i stand, og vi andre hjalp til. Vi spiste "sånn suppe", som det kallast på folkemunne. Det er i alle fall myje curry og lime i den, og alle blei så mette at vi nestan ikkje klarte å gå etterpå.

Dette var den tunge byrda vi måtte slite med å sjå på kvar kveld. Eg er jammen glad eg måtte reise vekk derifrå, inn til den vakre byen (der det faktisk ikkje går an å sjå sola i det heile tatt...) for å skrive eksamen!

Her er eit bilete av dusjen dei hadde der (minnar han deg om noko, onkel Pål?).

Tilbake i byen gjekk vi ein tur, og såg på all den fine julepynten. Her har mellom anna familien Jesus samla seg på eit hustak.

Her er forresten katedralen i León. Det går an å gå på taket av han, men vi kom for seint på kvelden, og fekk kun gå på golvet, men det var interessant det òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar