onsdag 4. mai 2011

 New York!

Sidan det regnar, og frykta for hevnaksjonar frå Al-Qaida sprer seg i USA, har eg haldt meg under pleddet mitt, skjelvande som eit aspeløv så langt i mitt New York-opphald.

Neida, eg har ikkje det.

 
Den første dagen eg kom hit (i går) gjekk eg ein tur i Central Park. Eg såg på "Strawberry Fields", som skal ha vore John Lennon sin favorittstad i parken (oppkalt etter ein Beatles-song, altså). Det er ein minne-ting på bakken der. Ca. hundre meter lengre bortom, er staden der John Lennon vart skoten, i inngangspartiet til Dakota-bygninga (der Yoko Ono bur den dag i dag). Eg vart litt for blyg til å ta bilete der, men det ser ganske nøyaktig slik ut.



I dag har eg gått i ti timar, og nestan to mil! Først reiste eg til Times Square. Eg gjekk innom Hard Rock Café, som faktisk var veldig kejdeleg. Etterpå gjekk eg og kikka på Chrysler-bygninga, som igrunn også var litt kjedeleg, men sidan eg ikkje har hatt tilgang på internett (kart) visste eg ikkje heilt kor eg skulle gå for å sjå det eg hadde planlagt! Men det heile løyste seg med eit ganske smart triks! Eg gjekk rett til New Yorks høgaste bygning (381 meter). Eg har høyrd skrekkhistorier om folk som har stått fleire timar i kø for å komme opp dit, men eg rusla faktisk rett inn! Det tok om lag tre minutt frå eg sto utanfor, til eg var oppe i 86. etasje! Vel vitande om at eg ikkje hadde kart, tok eg med min (nestan) fotografiske hukommelse ein grundig kikk over heile byen.


Etter Empire State Building gjekk eg til Ripley's Believe it or not-museum! Det var gærne greier (for dei som ikkje veit kva det går ut på, går det ut på at dei stiller ut gærne greier).



Denne utstoppa krokodilla drepte 17 menneske i 2004 (før ho vart utstoppa, vel å merke)!


Pistolen som ikkje drepte Abraham Lincoln. Banditten John Wilkes Booth hadde nemleg med seg to pistolar då han gøymde seg bak gardinene i eit teater, for å drepe presidenten (men brukte altså den andre).
Sidan det kanskje ikkje er like gøy å lese om slike ting som å sjå dei på ekte, skal eg ikkje leggje ut fleire bilete.

Etter dette gjekk eg rundt og såg på mange ting. Det regnar forresten veldig mykje her, og eg er kliss blaut. Eg håpar skoa mine tørkar før morgondagen, då skal eg nemleg gå i ytterlege ti timar!
Eg har også gjort nokre andre ting, av personleg interesse, som å sjå på Radio City Music Hall, der Black Sabbath spilte inn ein DVD for nokre år sidan, og å høyre på 59th Street Bridge Song av Simon & Garfunkel på 59th Street Bridge!

Dette vart kanskje eit litt kjedelegare blogginnlegg enn eg hadde tenkt. Eg burde kanskje lagt ut noko litt drøyt vakseninnhald også, for å oppretthalde den nye klassifiseringa eg har fått frå Blogspot.com (utan at eg heilt forstår kvifor)!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar