fredag 6. mai 2011

Atter en dag i New York!

I dag har eg gått i over ti timar! Og MINST to mil!

Først gjekk eg ein tur på Metropolitan Muesum of Art.
Museumet består om lag av femti prosent egyptiske ting, og femti prosent amerikanske snobbemøblar frå 1800-talet.


Blant dei egyptiske tinga hadde dei ei kjempemengd 3500 år gamle sengavevar.

Dei hadde også eit komplett tempel, frakta direkte frå Nilens bredder. Tempelet var ei gåve frå Egypt (riktignok etter at USA gav dei 16 millionar dollar!).

 Litt av New York sett frå Central Park.

Det bør vel nemnast at min bloggvenn Vida har reist heim for fire dagar sidan. Ho sit nok i Volda og slurpar i seg lakris og kulturmelk rett frå kartongen i denne stund, og i morgon skal eg gjere det same (igrunn om to dagar, men eg reiser herifrå i morgon. I tillegg er eg allergisk mot melk, så eg slepp heldigvis å drikke surmelk).

Det er ei god stund sidan eg har testa snop! Og korleis kan eg vel avslutte eit år med blogging betre, enn på måten det heile starta?

Eg har lenge vore nysgjerrig på Beef Jerky. Eg har aldri skjønt kva det er (utanom at det er kjempeamerikansk). Er det som tørrfisk i kuform?
Det er berre ein måte å finne ut av dette på, nemleg med ein flott test!

Forutsetningar ein bør ta i betraktning når eg skal smake:

1. Eg elskar kjøt, og likar bacon betre enn dei fleste typar snop!
2. Eg har brent meg på tunga (og handa!), noko som kan påvirke smaksløkane.
3. Eg har nettopp ete pizza, og er igrunn ganske mett (eg veit ikkje om Beef Jerky bør reknast som mat eller snop, så eg tenkjer at det kan ha litt å seie for opplevinga).

Det har litt same konsistens som tørrfisk, men er mjukare! Nestan som soltørka tomat.
No tek eg ein bit.
"tygg tygg tygg"

Hmmm.
Eg anar ikkje om kjøtet er rått eller stekt/kokt! Det er umogleg å seie faktisk.
Godt var det i alle fall ikkje. Om eg må beskrive smaken ville eg sagt at det var ei blanding av promp og løvetann! Eg har ikkje smakt nokon av delane, men forestiller meg at det hadde smakt slik.
Eg veit framleis ikkje om det kan reknast som mat eller snop. Kanskje eg burde kjøpt den med krydder på? Eg er i alle fall skuffa, det var ein dårleg slutt på blogglivet!

No har eg leita litt i arkivet, og funne ein litt koslegare måte å avslutte blogglivet med!
Det er eit bilete frå Machu Picchu, med meg (med eit vakkert midtskill), Vida, Annette og Kristoffer! Eg trur dette var den artigaste dagen på reisa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar