tirsdag 31. august 2010

I dag har vi vore ein tur på skulen for å sjå korleis det er der. Det var jammen meg fint, om eg kan få seie det.


Her er skulen, sett ifrå friminutt-området.


Vi får lunsj her kvar dag. Den første dagen fekk vi kylling, eit slags brød (som likna litt på lompe), potet, ris, tomat og stekt banan. Det var veldig godt. Eg gledar meg allereie til neste lunsj! Vatn fekk vi også. Det er ein bar på skulen, som selg det ein kan ynskje av drikkevarer.


Johannes ville smake kokosnøtt, så han kjøpte to.


tid for ein halvvegs fast spalte: Testing av framandkulturelt snop!
I dag har eg testa Onditas. Det er eit potetgull.
Konsistensen var god. Ganske sprøtt rett og slett! Smaken var litt vanskeleg å få tak i. Men for berre eit par kroner var det vel verdt det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar